fredag 27. juli 2012

HLR

I dag måtte eg nesten starte HLR då eg opna blogger.com. Så lenge sidan er det eg har blogga. Og sånn er det med den saken. Ikkje meir å seie om det.

Sidan dyreinnlegget mitt frå Bali, har tida gått rasande fort. Kofferten har blitt pakka inn og ut av seks gonger per dags dato, og enno står det att fire inn-og-utpakk før eg har landa i Bodø og er klar for turnusteneste.

Sumaren har til no vore prega av leir og Jesus, med både sommartreff og NLM si generalforsamling. Vidare står UL på programmet. Slik er sumaren kvart tredje år, og eg likar det!

For første sumar på lenge, har eg fått vere på Ellingsøya saman med ein gjeng familie + Kristoffer. Det var gode, gode dagar som minna godt om dei dagane eg hadde då eg var yngre. Eg fekk vore på akvariet, shoppa på Moa, gjekk på fjellturar og fekk ri den nye hesten. Gode, avslappande dagar i eit gamalt og falleferdig hus som eg er så inderleg glad i.

Eg hadde ei stor oppleving på GF då eg fekk prøve meg som talar på eit av kveldsmøta. Eg fekk spørsmålet på Bali, så hadde ikkje hatt all verd med tid på meg før eg plutseleg fann meg sjølv på scena med manuset i handa. Det var forsåvidt greitt, for då hadde eg ikkje rukke å grue meg noko særleg. Eg opplevde det som trygt og positivt, og set stor pris på alle kommentarar og tilbakemeldingar eg har fått, positive som negative (eller, eg vil heller kalle dei konstruktive).

No sit eg på Tau, og det er kaldt og vått ute. Kristoffer malar båt og er godt i gang med prosessen med å bli handyman.

Det var lite fart over dette innlegget, men det var i alle fall ein start på blogginga igjen. Det blir spanande å kome til Bodø og kome i gang med jobbinga. Tenk at eg snart kan kalle meg fysioterapeut! Det er rart, og kjennes veldig fjernt at the moment, men vi får sjå om det går seg til. Det gjer det nok!

Litt bilete kan kanskje sprite opp stemninga litt. Alle er frå Bali-reisa, men det er kanskje det som er mest interessant for dykk å sjå på òg:





















Ingen kommentarer: