søndag 17. juni 2012

Bali: Dyrelivet

Her på bali er det mange ting. Det er mange folk, mange seljarar, mange fine strender, mange hotell, mange kioskar, mange plassar å kjøpe fake solbriller, mange massasjesjapper/spa, og ikkje minst mange DYR! Det kryr av dyr her på Bali. Lat meg fortelje litt om det.

Det heile starta då vi kom hit til denne fantastiske øya, meir presist: Seminyak, på mandag. Jetlaget var ikkje til å kome vekk frå, så vi sovna seint den første natta, ca kl 03.00 (tilsvarar kl 21.00 i Noreg). Allereie kl 05.00 skulle eg få merke kor aktivt dyrelivet er her på øya. Då avgjorde nemleg naboen sin hane at det var morgon. Det avgjorde han i grunn døgnet rundt med jamne mellomrom, men det er mest kl 05.00 ein legg merke til slike ting. Fascinerande nok galte han nøyaktig den same tonerekka etter kvarandre, gong på gong. Til slutt vart eg så trøytt at eg klarte å sove over galinga. Takk og lov for det. Og allereie neste natt hadde eg blitt van til lyden og sovna som ein stein.

Dagen etterpå kravla det ei firfisle rundt på kjøkenet vårt. Noko som ikkje var så ille eigentleg, for kjøkenet var av typen friluftskjøken. Så det var i grunn berre litt eksotisk.
 
  Friluftskjøkenet 
 
Resten av dagane i Seminyak såg eg for det meste kattar som sneik seg rundt i nabolaget. Tynne, skranglete kattar med kort hale. Dei var stygge. Men så oppdaga vi òg ein pitteliten kattunge som såg ganske normal ut til å vere katt. Den syns både Christine og eg var veldig søt. Ja, og så såg vi ein liten ape som var bunde fast utanfor ein butikk. Det var berre trist.

Sidan Seminyak er eit såkalla rikmansstrøk var det elles ikkje så mange dyr å sjå utanom eit par hundar på stranda. Men no er vi i Jimbaran, og her er det andre bollar. Eg veit ikkje kvar eg skal byrje, eg er heilt overvelda.

For det første: ALLE har hund her. Og gjerne meir enn ein. Så på strendene er det fullt av hundar. Eg er glad dei er såpass van til folk at dei ikkje er interesserte i dei som ligg og solar seg. Ikkje det at eg har noko imot hundar! Eg likar hundar. Eg likar berre ikkje at dei har rabies og har rulla seg rundt i alt mogleg rart. Men sjølvsagt har regelen eit unntak. I dag kom det ein liten luring av ein hund bort til oss medan vi låg og sola oss på stranda. Den gjekk først og la seg heilt inntil Christine. Ho er ikkje akkurat overbegeistra for hundar, og tok fort avstand frå den vesle kvalpen sitt forsøk på å få litt nærleik. Deretter sette den kursen mot meg og veska mi, sikkert fordi den var full av havrekjeks. Som kvalpar flest hadde den frykteleg lyst til å bite meg, men eg klarte heldigvis å få den vekk på eit vis, sjølv om bikinien var sånn på halv elleve, og eg fekk sand over heile meg.
 
 Strandhund, iført surfedrakt
 
Eg har forresten sandfobi. Eg likar verkeleg ikkje å få sand på meg, spesielt på hendene. Så eg ligg på den delen av stranda som er litt fuktig, for då ligg sanden i ro. Eller så leiger eg meg solstol. I dag prøvde eg å liggje på den tørre delen av sanden, men då kom det sjølvsagt eit stort vindkast og blas halve stranda (minst) over meg. Då vart eg så sint på sanden at eg gjekk opp att til hotellet, dysja den av meg, og ja, no sit eg her. Sandfri. Takk og lov.

Som sagt: Eg likar ikkje sand
 
Men tilbake til dyra. For ja, det er mykje meir å fortelje. Då vil kom til det hotellet vi bur på no, viste det seg at vi hadde ei bakdør. Nyfiken som eg er, opna eg denne døra for å sjå om det var noko spanande å finne der. Og det var der. Der hadde hotellet nemleg laga ein aldri så liten kulp, og fylt den til randen med alt for store fiskar. Og om ikkje det var nok, så flaut det ein haug med daude fiskar der. Og om ikkje det var nok, så var det jammen meg to skilpaddar der!! Ljos levande! Den eine ligg på land heile dagen, og vi var sikker på at den var daud. Men så hadde den snudd seg 180 grader i løpet av dagen, så då fann vi ut at den levde nok likevel. Den andre, stakkar, ser ut til å vere fanga nedi det forferdelege vatnet. I vinduskarmen vår sto det litt fiskemat, og pliktoppfyllande som eg er (haha) fann eg ut at eg måtte mate dei stakkars fiskane. Med det same eg opna døra, byrja skilpadda eit desperat forsøk på å klatre opp av dammen. Eg skulle sikkert ha hjulpe den, men eg vart ståande heilt forfjamsa. Den kom seg ikkje opp, og eg er ganske sikker på at den som er på land ikkje kjem seg uti. Eg vurderar faktisk å kjøpe ein håv, slik at eg kan hjelpe den som ligg uti vatnet. Det er nesten slik at det blir for mykje ansvar for meg, men kva kan eg gjere? Tar gjerne imot tips.

Kulpen eg har fått ansvar for
 
Eg veit allereie no at eg kjem til å få mareritt av dyret eg møtte på badet i dag. Etter at eg hadde dusja, skulle eg gå inn på badet for å henge opp nokre klede. Og trur du ikkje det kravla eit megastort tusenbein i badekaret? Eg kan lett takle ein edderkopp eller to. Men tusenbein og sneglar, det klarar eg berre ikkje. Så det var meg eller tusenbeinet, og sidan eg har booka hotellrommet fram til laurdag, måtte tusenbeinet gå. Og det ville sikkert ikkje gått viss eg ba det om det, så eg måtte kverke det. Eg har ikkje stor erfaring når det kjem til å drepe insekt, men eg fann fort ut at eg ikkje ville klare å ta i det med hendene mine. Så eg fann fram dusjhovudet, og byrja å spyle på det. Det vart ein hard og lang kamp, men eg fekk til slutt spylt tusenbeinet ned i sluken. Stakkar, det var sikkert ein grusom måte å døy på. Men eg hadde aldri klart å leve med at det kravla rundt på badet heller. Så sånn vart det berre.

No er klokka 18.04 her nede, og det betyr at det snart er tid for eit av dagens største høgdepunkt: Middag. Her kostar middag alt frå 25-75 kr inkl drikke, alt etter kor mange rettar du vil ha osb. Maten er kjempegod, spesielt den indonesiske retten som heiter kylling sate. Eller, det heiter ikkje kylling her nede då. Så den er obligatorisk å smake viss du skal til Indonesia.

Elles er livet meget fint å leve her nede. Til no har vi for det meste levd strandlivet, og gått rundt i dei ulike byane vi har budd i. I morgon skal vi på ein 8-timers guida tur der vi skal snorkle, køyre båt ut til ei øy med skilpadder (mange av dei her!), oppleve den finaste stranda på øya, sjå solnedgangen frå eit hinduistisk tempel som ligg på ei klippe, og til slutt ete sjømatmiddag her i Jimbaran. Alt til den nette sum av 250 kr inkludert alt. Gler meg stort!

Håpar alt står bra til i Noreg. Eg veit i alle fall at Kristoffer har det som plomma i egget, for han er på laksefiske.

Ingen kommentarer: