onsdag 25. april 2012

Pauseunderhaldning

Det er lite blogging om dagen. Eg druknar i bacheloroppgåva mi. Eller, det er jo ikkje sånn at eg driv med den 24 timar i døgeret, så eg hadde jo strengt hatt tid til å blogge, men det er så mange andre ting som plutseleg blir så interessante i slike travle periodar. Eg kan jo til dømes nemne facebook.

Som pauseunderhaldning, oppladning til neste innlegg, skal eg dele ein liten skriveleif med dykk. Den kan vere vanskeleg å sjå med ein gong, og den gjekk nesten gjennom sensuren min. Heldigvis vart eg redda av open office sin raude understrek. Her er den:

Dersom pasienten lærer ein ny sitjestilling, 

skal han/ho nytte denne på jobb, 

i forelesning, ved middagsmordet etc.


Her løftar eg fram kor viktig det er at fysioterapeuten hjelper pasienten til å bli i stand til å gjere det han/ho vil. Og nei, vi dømmer ingen. Vi skal berre hjelpe!

Forresten, eg kan jo slenge med nokre bilete:

Eg var i Oslo førre veke, og ette misjonssalen skulle vi ha oss mat. "Oss" var meg, Hege og ein gjeng gutar frå politihøgskulen. Matfordelinga fekk ein herleg vending. Eg og Hege gjekk på Bislet kebab, medan gutane vart igjen i leiligheta til K og lagde tidenes største bolle med fruktsalat og pepsi max on the side. Kjønnsrollene blir stadig viska ut!

Her er Ole Christian, Sigve og Vegard i full sving med fuktsalaten.
 
 Kritoffer og eg var på fotballkamp og såg Sogndal banke Vålerenga (eller Ullevål, som eg hadde ein tendens til å kalle laget). Det var faktisk utruleg kjekt!
Vi hadde treff med Sygnagjengen. Snakk om koseleg kveld!
 
 Det er klart eg måtte ta bilete av dei!
 Redaksjonsmøte for iTro fekk eg òg tid til i Oslo. 
Her kosar Narve seg med marsipankake. 
 
 Kristoffer veit å slappe av. Her ligg han i cowboysofaen sin. 
 Dette er Bjørn, roomien til Kristoffer. Han likar å sove. 
Øvingar med Gospel Bergen er obligatorisk på mandagane. 
Her med Kristin som visar fram halsmusklane sine. 
 
 Hjartesmil. Eg har vore i Balestrand. 
Var igjen nokre timar ekstra for å få gått på fjellet.
 Sjå på den utsikten! Det er til å grine av. Av glede sjølvsagt. 
 Eg var i Balestrand i høve Vision. Her med Ingvild og Silje. 
... Og ein liten gjeng til. 
Vi fekk forresten skryt av ei eldre dame for å sitje ute og ete.
Kjekt!


Og god natt!

1 kommentar:

Dag Erik Asdahl sa...

Eg måtte berre trykke på "i like" for å vise at eg les bloggen din, sjøl om eg aldri kommenterer, eller legg ifrå meg konkrete teikn på at eg har vore innom. Du veit, eg er ikkje så aktiv på facebook - tilsynelatande (men eg får med meg alt som skjer der likevel...:) Ha ein god dag i eimen av bachelor og pepsi max! Lurer på korleis FUKTsalat smakar... Sister Ingrid von ruger'n