torsdag 17. november 2011

Tyske damer går med katteveske

Eg er faktisk i Oslo no. I går sette eg meg på flyet for å reise på overraskingsbesøk til Kristoffer. Eg hadde planlagt det nøye, og avtalt at Kristoffer skulle kome på middag til ein kompis av han (og no òg meg), David, og så skulle eg plutseleg kome inn. Kari var der òg. Og alle vart glade. Kristoffer vart nesten mållaus, og det skjer ikkje så ofte.

Men før eg kom fram til David, så måtte eg reise. På Flesland såg eg mykje rart, mellom anna SIFFERMANNEN! Det er han er:


Han hadde faktisk den boka i handa. Og ein blomsterbukett. Den tenkte eg at han kunne gje til meg, for han ville sikkert ikkje ha den uansett. Men det gjorde han ikkje. Og i staden for å setje seg saman meg med på flyet, så sette han seg ved naudutgangen. Det forstår eg forsåvidt godt, for han er trass alt ganske høg.

Men før eg kom meg på flyet, så såg eg dette:


Det vart litt dårleg bilete sidan eg måtte ta det utan at ho merka det, men det er altså ei KATTEVVESKE! Tyske damer går med katteveske.

Vel framme i Oslo måtte eg slå ihjel nokre timar før eg kunne reise opp til David, så eg leita fram denne bygningen:


Men eg trur eigentleg ikkje dei ville ha meg der. I alle fall ikkje jakka mi eller kofferten min. Så eg vart forvist til kantina:


Og der måtte eg rette meg inn etter desse reglane:

Men det klarte eg, og eg fekk sitje der i ro og mak til klokka vart mange og eg måtte setje meg på bussen til eit av dei beste gjensyna eg har hatt nokon gong. Etter at puslen hadde gått frå 140 (ja, eg målte) til 72, lagde vi sushi og snakka om massasjestolar og venøs insuffisiens.

No skal eg lese om fysisk aktivitet.

Ingen kommentarer: