mandag 14. november 2011

Fest og basar

For ei nydeleg helg eg hadde denne helga. Det var fest og basar, bokstaveleg talt. Festen var at Kristoffer var på besøk, og basaren var i Salem. Eg vann til og med. Det same gjorde Kristoffer og Simon. Dei vann til og med det same, nemleg nokre flotte hettejakker frå NLM. Check it out:


Så denne helga var det ikkje berre meg og Simon som matcha i klesvegen, men Kristoffer òg. Kan ikke akkurat påstå at jakka var av den mest flatterande sorten (sjekk tricepsen den gav meg), men det er god og mjuk og ber ein god bodskap. Ja, eg har den faktisk på meg i skrivande augneblink. Vi skulle forresten hatt dei på oss då vi trente på Årstad på søndag. Det hadde sett meget bra ut.

No kom eg akkurat inn døra frå Gospel Bergen-øving. For ein julekonsert vi er i ferd med å stelle i stand! Det blir rett og slett nydeleg. Så alle som har tenkt å kome kan berre gle seg. Dei som ikkje har tenkt å kome kan angre lenge og bittert.

Noko særleg meir er det i grunn ikkje å seie. Jo, det er det! Gunhild har kome heim att etter ei veke i Oslo. Snakk om fryd og glede! Ho er ein velsignelse, rett og slett. Så det var eit godt gjensyn på ein ellers grå mandag som var prega av stor sorg over at Kristoffer hadde reist tilbake til Oslo. Det er forsåvidt trist enno, men Gunhild lindrar.

No skal eg hive i meg ei fiskekake før eg skal finne senga. Den har nok ikkje gøymt seg, så det tar nok ikkje lang tid. Så.. God natt!

Ingen kommentarer: