søndag 10. juli 2011

Trening på sitt aller verste

Skulle det vore ei dagens bok i livet mitt, ville det vore denne.

Åtvaring: Det kan ta litt tid før eg kjem til poenget, men det er verd lesinga!

Det heile byrja med at det var tilbod på fersk ørret på Safari til 39,90 for kg. Dette tilbodet nytta mamma seg av, og kjøpte inn mykje sånn at vi kunne ha det til middag i dag. Eg gjekk svolten lenge i dag sånn at eg skulle ha ekstra mykje plass til middag, så det vart ein gigamiddag på meg etterfulgt med dessert. Mett og god visste eg at eg skulle ut på lang springetur i dag, men eg hadde ikkje tenkt å kome meg ut med ein gong, så eg åt litt ekstra og vart ekstra mett. Då kom mamma opp med idèen at eg kunne sitje på med Åshild til Åsane og springe heim att, for Åshild skulle nemleg køyre den vegen. Det tykte eg var ein god idè, og etter litt sjekking på kart om kor langt det var, så gjekk eg med på dette. Så vi køyrte. Rett etter middag. Der skulle det ha ringt ei bjølle hjå meg, men det gjorde det altså ikkje. 16 km springing rett etter kjempemiddag verka for meg heilt overkommeleg.

Springeturen byrja meget bra. Eg la i veg frå IKEA, og vart overraska over kor god formen var. Eg kjente lite til at eg var støl i baken og på baksida av låra, og komforttempoet var høgare enn førre langkøyring. Så eg var happy happy. Dette varte om lag 2 km. Då kom første nedtur. Eg vart forbisprungen av ein mann i 30-åra. Det likte eg ikkje, men eg klarte ikkje ta han igjen heller, så eg fekk berre leve med nederlaget, og eg sprang der fornøgd over å ikkje kjenne noko til gigamiddagen.

Men ved 5 km snudde det totalt. Plutseleg kjente eg at eg vart like kvalm som ein blir når ein blir veldig, veldig bilsjuk. Så eg måtte stoppe, for eg vart heilt svimmel. Det første eg tenkte var: Har eg verekeleg sprunge så fort at eg vert bilsjuk? Neida, eg tenkte ikkje det, men eg kjente meg veldig bilsjuk. Middagen var så absolutt på retur, men heilt opp ville den ikkje. Så eg tenkte at eg berre måtte ta meg saman og springe vidare. Det var trass alt 11 km igjen. Etter 2 km til vart eg så kvalm at eg igjen måtte stoppe, og denne gongen for å setje meg ned. Eg tenkte at eg kunne i alle fall springe til eg fann eit fint utsiktspunkt, men eg endte opp med å setje meg i ei grøft, for eg hadde ikkje klart å springe ein einaste meter til. Der fekk eg ikkje sitje lenge, for isbilen kom køyrande, og eg blokkerte visst vegen. Så eg gjekk om lag 50 meter til, og der var det sjølvsagt eit utsiktspunkt og ein benk. Der sette eg meg ned, men vart fort kald, så eg måtte gå vidare. Det viste seg at kvalmen ikkje ville forsvinne, så eg fann ut at eg måtte ringe etter forsterkningar (pappa + bil). Med andre ord, telefonjakta var i gang.

Den første eg prøvde å låne telefon av, var ein mann som gjekk tur med hunden sin (nei, eg har ikkje med mobil på springetur). Eg såg at han hadde mobil i beltet sitt, så eg gjekk bort til han for å spørje om lån. Akkurat då eg skulle til å spørje, ringte telefonen hans. Eg tok ein bråsving, lata som ingen ting, og gjekk vidare. Dei neste eg møtte var eit eldre kinesisk ektepar som gjekk og snakka høglytt kinesisk med kvarandre. "Nei" tenkte eg då. Så eg gjekk vidare. Dei neste eg møtte var to guttar på om lag 10 år, men eg hadde ikkje hjarte til å tømme kontantkortet deira, så eg gjekk berre vidare.

Og ikkje nok med at eg var kvalm, så fekk eg sting, og nike+ sensoren klikka.

Vegen eg gjekk på var ved Salhus (for dei som er lokalkjende i Bergen nord), og den er veldig smal. Dette førte til at eg vart ein stor hindring for trafikken, og mange måtte stoppe ekstra, pluss at eg trudde eg skulle bli påkøyrd annakvart minutt. Eg er i live.

Tom for fotgjengarar på vegen, fann eg ut at eg måtte ringe på eit hus. Først av alt viste det seg at heile Salhus var på ferie, for alle husa var tomme og mørke. Og dei husa det var lys i, hadde ofte litt suspekt vindusdekorasjon, så eg tore ikkje ringe på. Stadig meir forkommen gjekk eg og såg for meg at eg måtte gå heile vegen heim. Og no bygga det opp til regnvêr. Men så gjekk eg forbi eit hus der det var ei eldre dame som gjekk og stelte i hagen. Eg fann ut at det var no eller aldri, og så og sei hoppa fram bak ein busk for å spørje ho. Først var ho meget skeptisk. Lukta ekkelt gjorde eg òg. Men til slutt så fekk eg lov til å låne hustelefonen. Pappa tok telefonen, halleluja, og kom og henta meg. Så det vart absolutt roleg langkøyring. Både fram og tilbake.

Det var mange tankar som raste gjennom hovudet mitt på denne turen, men den raraste var kanskje denne: "No kunne eg ønskje eg var i Masfjorden." Grunnen til at eg tenkte dette var av den enkle grunn at viss eg hadde vore i Masfjorden kunne eg fått haik. Her gidd eg ikkje prøve ein gong. Folk er for skeptiske. Og travle.

Men konklusjonen er altså: Ikkje tren rett etter middag.

PS: No regnar det ute. Det gjorde det ikkje då eg var ute. Flaks!

Ingen kommentarer: