fredag 8. juli 2011

Grandma

I dag sto eg og vaska opp på Safari og mimra attende til ei særs spanande hending som eg var sikker på at eg hadde vore delaktig i. Men så slo det meg at det var ei scene frå Prison Break. Sånn er det å vere meg.

Elles så tenkte eg over ei rekke hendingar, som eg faktisk har opplevd, der både sjølvinnsikt og sosiale antenner har vore totalt fråverande for min del. Eg kunne delt mange episodar, men vel å halde meg til ein, og så får de heller gle dykk til meir seinare.

Episoden eg vil fortelje om handlar om noko eg sa på det første møtet eg var med i for ledergruppa i Salem. Eg hadde vore i Masfjorden, og hadde altså ikkje kunne deltatt på nokre av møta, men no skulle eg altså møte gjengen. Dei kjente kvarandre litt frå før av, og så kom eg då og skulle bli kjent. Ei anna sat og snakka om at ho var skikkeleg dårleg til å montere IKEA-møblar, og at ho rett og slett ikkje fekk det til. Og då, i mitt fråver av sjølvinnsikt og sosiale antenner, presterte eg å sei følgjande:

"Eg kjem ikkje på ein einaste ting som eg er skikkeleg dårleg til"

Eg tippar eg gjorde eit fantastisk førsteinntrykk der. Det vart i alle fall ganske stille i forsamlinga. Godt jobba, Astrid. Eg trur ikkje eg har fått retta det opp igjen heller, men eg har i alle fall innsett no at det er mange, mange ting her i verda som eg er skikkeleg dårleg til å gjere.

Så over til ein liten bileteseksjon. Her er dagens fangst frå mobilen:

Ein bil med L bakpå som...

 ...ikkje var heilt godt planta på bakken.
 Tang på fiskekjølen. Her snakkar vi ferskvare!
 Eg var litt nervøs då eg køyrte denne fisketralla gjennom butikken. Den velta ikkje.
 FråtseFredag! Når bolledisken skal tømmast,
så er det berre å forsyne seg.
 Nam!

Og god helg.

Ingen kommentarer: