mandag 20. juni 2011

Fryseboksfedme

Først av alt: ENDELEG kan eg sove etter å ha vore vaken i FIRE DØGN for å sjå på Hurtigruta. Eg hadde meg berre ein liten powernap før reprisen. Så no blir eg sitjande i fire døgn til. Time well spent! Nei, eg har ikkje det altså. Eg klarar ikkje ein gong å vere vaken 24 timar. Men eg ser faktisk på reprisen no, og no hyllar kystvakta Hurtigruta ved å sprute vatn på den til Espen Lind og "When Susanna cries". Rørande.

Årets sommarjobb hadde kick off i dag, med ein roleg dag på Safari, der alt var som vanleg. Røykt blåkveite luktar kjempegodt, medan resten luktar akkurat det same og ikkje fullt så godt. Det er glatt på golvet 24/7, og eg trippar rundt som ein pingvin og håpar på å overelve turen frå kjøttdisken til fiskedisken. Eg er i live, men er glad for at eg ikkje skal jobbe der til evig tid. Eg har faktisk sagt opp, og skal byrje eit nytt og betre arbeidsliv utan fiskelukt. Veit ikkje kva, veit ikkje kvar, men det blir nok bra. Men først: 3-4 veker med intens jobbing. Tenk på pengane, TENK PÅ PENGANE!

Herliget, eg skulle ha vore skåna for meg sjølv i tidene rundt middagskvilen. Rett før eg sovnar, er eg så trøytt og gretten at eg føler at folk masar når dei stiller 1 stk spørsmål. Og når eg først vaknar, aaaaalt for lenge etterpå, er eg så godtesjuk at halvparten hadde vore nok til å få ein middels stor barnehage til å gjere opprør mot ped.leiaren for å få sjokolade. Og når ein bur heime, så blir det ikkje akkurat lettare, for her er jo det meste tilgjengeleg. Så no sit eg her og gnafsar på ein eller annan gjærbakst som eg fekk fiska opp frå fryseboksen. Eg forstår forresten godt viss fedmeepedemien kom samstundes med lanseringa av fryseboksen, evt fryseboksen OG mikrobølgjeomnen. Folk kan jo lagre enorme mengder godt utan at det blir dårleg, for deretter å tine det opp så det er klart til å etast på 1 min eller så. Det er skummelt. Det er godt eg skal springe halvmaraton. Då treng eg desse raske karbohydrata til intervalløktene mine. No kom forresten pappa og rakk meg eit kakestykke og spurte om eg var på godtejakt. Det var han nemleg. Har arva det av han. Men eg er ferdigjakta og nøgd og nesten litt mett.

I går kom eg heim frå Tau. I <3 Tau, that's all I can say. Viss folk hadde hoppa litt meir der, så kunne ein kalla staden for Hoppetau. Men eg såg nesten ingen som hoppa. Faktisk berre meg sjølv, på trampolina til Madlands, og det er ikkje nok. Folk må hoppe meir på Tau.

Men Tau eller Hoppetau, poteto, potato, så fekk eg vere med Kristoffer, og då gjekk det i grunn fint, sjølv om han lurte meg ein dag. Han sa vi skulle gå ut og gå tur. Eg var sjølvsagt med på dette, for eg likar godt å gå på tur. Det viste seg å vere særs varmt den dagen. Eg hadde for det første ikkje hårstrikk i håret, så i praksis gjekk eg med ein sånn hatt på hovudet:

Nei, det biletet er ikkje av meg. Tru det eller ei!

Og for det andre, så sa ikkje Kristoffer at vi skulle på FJELLtur! Ok, det var kanskje ikkje eit fjell. Det var ein haug. Men det gjekk bratt oppover, og eg vart så varm at eg vart sint. Så der øydelagt eg nok ein stor del av sjansane mine for å få vere med Kristoffer på tur igjen. Men han er sindig og tålmodig og takla det heile fint. Han lagde til og med eit hårstrikk til meg av ein eller annan plantevekst. Og då eg kom ned att fekk eg middag. Og her er eit prov på at eg kan gå på slakk line. Då K tok biletet hadde eg gått over heile.


Og eit av fotografen:


Men apropo at eg kom heim frå Tau i går. Eg køyrte faktisk aleine heile vegen. Det gjekk glitrande! Riktig nok mista eg første ferga fordi eg brukte 1000 år på å fylle bensin, men då fekk eg berre litt ekstra tid til å syngje høgt i bilen. Det er forresten ikkje berre, berre å fylle bensin. Først prøvde eg meg på ei pumpe. Den var i ustand. Deretter snudde eg for å prøve neste pumpe. Men då var bensinokket plutseleg på feil side! Så då måtte eg snu ein gong til. Og etter at eg hadde fylt, brukte eg nye 1000 år på å få på bensinlokket. Det var litt av eit puslespel, og det at eg hadde parkert heilt inntil pumpa, gjorde ikkje saken enklare. Eg tenkte "NO skal eg klare å køyre tett nok inntill pumpa sånn at slangen rekk fram". Har ikkje høyrt om mellomting. Men det skal seiast at eg klarte å fylle for nøyaktig 300 kr, så då var det verdt det.

No innser eg hatt eg har skrive veldig mykje. Kjekt for meg det!

3 kommentarer:

Simon sa...

Hei Astrid!

Eg ville seia to ting om dette innlegget:
1) Ugelinibbå e ingen hau. Det e faktisk et fjell, og et fjell i kategorien nibba. Så det.
2) Du bruge så masse tid på å snakke om når du fylte bensin, og seie ingenting om roadtripen vår? Denne burde neste vore eget bloginnlegg spør du meg. Dette.

Astrid sa...

Simon! Eg har heilt klart misforstått Uglefjellet eller kva det no heitte. Ok. Det er eit fjell. Og ja, eg gjekk på ein kjempesmell ved å gløyme å blogge om roadtrippen. Kanskje det kjem seinare ein gong? Vi skulle hatt kamera..

Eldfrid Marie sa...

Da va kjekt å lesa her! Du skrive gøy :) Nett slik ei bensinfylling har eg og hatt, sikkert fleire og, godt å sjå at fleire e håplause. I måro ska eg te Tau, kan helsa frå deg ;)