tirsdag 2. november 2010

Orden i sakene

I dag då eg sat på skulen gjekk det opp for meg at tida framover blir travel. Særs travel. Innleveringar, nytt og krevande tema, pasientdag, seminardag, og på toppen av det heile - eksamensøving. Har fire eksamenar før jul, så det er jo litt å ta tak i, det er ikkje til å stikke under ein stol. I same stunda bestemte eg meg for å ordne litt opp i livet mitt, reint praktisk.

Det er faktisk heilt utruleg kor mykje lettare heile tilværet blir, når ein til dømes veit at ein har reine klede som ligg fint bretta i skapet, og rommet er ryddig og fint. Så i dag har eg byrja på oppdrag "rydd for livet". Ok, kanskje litt drastisk, men skal eg kunne ha eit liv ved sidan av all skulen, så har eg ikkje tid til å stadig måtte ta skippertaksrydding som tar timesvis fordi eg ikkje har gidda å rydde i det små. Så i dag har eg hatt skippertaka, og satsar på at det ikkje blir så mange av dei framover.

Eg har organisert det heile ved å lage ei liste over ting eg må få gjort denne veka, og det er veldig kjekt kvar gong eg kan stryke ut noko når det er gjennomført. Visuelt og flott. Så no sit eg på eit ryddig rom, reine klede heng på tørkesnora, middag for fleire dagar er handla inn slik at eg ikkje må på butikken i hytt og pine, eg er ferdig førebudd til kollokvie i morgon, viktige telefonar er tatt og sist men ikkje minst: billettar til Oslo er bestilt! Å lykke, det blir fantastisk å få ein tur til Oslo. Så torsdag til søndag neste veke, då blir det fest og glede på andre sida av fjellet.

Ok, no gav eg kanskje eit litt for godt inntrykk av meg sjølv, for eg har langt ifrå gjort så mykje som eg skulle, men det er ein ny dag i morgon med nye moglegheiter. Eit skritt om gangen, ein dag om gangen osb osb. Det er godt å i alle fall ha fått gjort noko.

Eg må forresten sende ei felles orsaksmelding til alle som har prøvd å få tak i meg på telefon, anten via å ringe eller sms, og til de eg ikkje har sendt svar til på facebook: Orsak! Og.. Skjerpings frå mi side er eit punkt på lista!

Til slutt vil eg dele eit bilete som er tatt på veg til skulen. Dette skiltet må eg gå forbi kvar dag, og eg tykkjer særs synd i meg sjølv:


Hallo, kva er greia? Det gir INGA meining! Det er verkeleg ei setning seier null og niks. Eg veit ikkje kven eg er mest oppgitt over, om det er skiltfirmaet eller bilfrimaet. Skjerp dykk! Det same til alle dykk som seier sjjjj i staden for kj. (Ok, det var kanskje litt i strengaste laget. Eg er ikkje akkurat eit språkgeni sjølv. Men eg let det blir ståande, sånn i tilfelle nokon skulle kome til omvending).

3 kommentarer:

Solveig sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Solveig sa...

Og angående "sjj"-lyden isteden for "kj".

Språket vårt i dag er jo et resultat av utvikling, av "feil".

Ikke det at jeg synes SJ-lyden er bra. Tvert i mot. Men det gir perspektiv ;)

Solveig sa...

Okei. Sletta det første innlegget mitt som var FEIL. Fikk faktisk ikke sove fordi jeg tenkte på det. Måtte gå og hente pcn.
¨Vekte Andreas og alt. Kl ett på natta.

Innlysende:
Skulle self vært et spørsmålstegn. Eller en endring i rekkefølgene i ordene.. Elendig rett og slett. Kunne også vært en mer passiv variant. "la oss fikse bilen din".

Dessuten FIXE er vel ikke et godkjent norskt ord..

Helsing Solveig norsk-student som prøvar å forstå.