søndag 6. juni 2010

Etedag!

I dag har eg siste vakta på Spice. Ever. Dette skal feirast med at eg skal ete alt eg har lyst på. Eg trur dette blir ein flott dag!

12.34: Pizza, gratis pga litt svidde kantar
12.48: Laukringar (ringlokstek) med rømmedressing. Desse var ikkje så gode dessverre.
13.52: Brownie. NAM!
15.33: Ok, eg innser at eg faktisk er ganske lei av maten her på Spice. Lite som freistar.
15.45: Eg googlar folk og har stor glede av dette.
15.50: Eg ler godt av følgjande bilete:


16.27: Eg ser på Schrödingers katt om svevn. Spanande!
17.10: Lammefilet med rosmarinsaus er bestilt. Eg er spent.
17.40: Lammefiletetinga er avslutta. Eg kan vel i grunn berre seie det først som sist at eg ikkje likar lam eller sau med unntak av pinnekjøt. Det er nesten sånn at eg tykkjar at lammefilet, fårikål osb smakar slik som sau luktar = ikkje så godt. Eg døyar smaken med ein Cola Zero.
17.58: Eg irriterar meg grønn over kundar som snakkar lågt i telefonen, ignorerar meg totalt når eg spør om dei kan snakke høgare, og blir sur på meg når eg ikkje får med meg kva dei seier. Trur det er like greitt at eg ikkje skal jobbe her i sommar.
18.01: Eg prøvar meg på månadens dessert, som er jordbær i fløyte. Nam!
19.03: Om vi har haifinnesuppe? Nei, diverre.
19.29: Eg har berre ein halv time att på Spice. Merkar at det skal gå bra. Eg luktar ekkelt og har sikkert ein milliard bakteriar på hendene mine.
20.00: Eg pakkar sakane mine for godt. Takk for pengane, Spice! Dei har kome godt med.