tirsdag 8. juni 2010

Astrid går framover!

Eg har lært å gå på nytt. Eg tar rullar på foten og blir stiv og støl i leggane. Men det er eit godt teikn.

Utanom dette prøvar eg å lære meg andre ting, til dømes fysioterapeutisk funksjonsundersøking. Det går sakte men sikkert framover. Måndag er det eksamen, og viss ting går etter planen så er eg klar klokka 11.20.

No sit eg i senga til Karen Marit. Ho pakkar. Det er trist å sjå på. Eg vil helst ikkje at ho skal rekkje å bli ferdig til søndag, for då kan eg ha ho her litt til. Gjett om det kjem til å bli stusseleg når ho reiser!

I dag var eg på konsert med Voice of joy og sjølvaste David Phelps. Han er født til å syngje, det er ikkje meir å seie om det. Og konserten vart ikkje avlyst. Det var nytt for meg! Kremt. Så alt i alt fekk ein god date med kjære venninna mi Sigrid.

For tida sender Ragnhild Sofie songar til meg på spotify tidt og ofte, og det likar eg særs godt. Det kan du gjere òg viss du vil!

Elles har eg funne ut at eg må oppdatere lunsjen min og finne fram makrell i tomat-boksane mine. Rugsprø og brunost er litt stusseleg. Men jammen er det godt!

Bysykkel, I must say, er genialt. Eg syklar ved alle høve, og kosar meg med å flyte bortetter gatane. Eg har oppdaga mange nye delar av byen. Flotte plassar med store, fine hus, til dømes på Frogner.

Då har de fått mykje unyttig informasjon om meg! Versågod og takk for meg.

Ingen kommentarer: