onsdag 5. mai 2010

Det er for mykje sol i Oslo. Så eg flyttar til Bergen til hausten. Eg har sendt inn søknad om overflytting av studie, men får ikkje svar før i mai, så det er ganske spanande for tida. Håpar det går vegen!

Ting har i alle fall byrja å flaske seg. Eg har funne nokon å bu med, og det er rett og slett desse tre herlege jentene:




Det ser eg verkeleg fram til! No er dei på leilighetsjakt, og eg er spent på kva dei finn.

Elles har eg vondt i hofta og rumpa for tida. M. gluteus medius er ikkje heilt i form. Spesielt ikkje etter joggeturen min. Kva? Har Astrid jogga? Ja, det gjorde eg i går, men ikkje med stor glede. Eigentleg skulle eg på styrketime, men vel nede i garderoben såg eg at eg hadde forveksla treningstightsen min med ei pysjbukse. Godt jobba, Astrid! Så det vart ingen trening på meg, men vel heime merka eg at eg var enno gira på å trene, og måtte difor ta til takke med ein joggetur som etter kvart vart ganske ubehageleg. Då er det godt å ha ein onkel som veit råd. Så no skal eg rett og slett gå og gjere øvingane mine og håpe på betre tider.