onsdag 17. februar 2010

Fysioterapi i praksis

Denne veka har eg lagt om studiestilen litt. Endeleg var det tid for eit lite avbrekk i det teoretiske og tørre. No er eg nemleg i praksis ved Hans og Olaf fysioterapi. Anatomi har gått over frå å vere eit tørt puggefag til å bli kunnskap i praksis.

Eg er i såkalla observasjonspraksis, så jobben min er for det meste å sitje og observere. Eg observerar undersøkingsmetodar og anamneseopptak, men det aller mest interessante, og kanskje viktigaste, er å observere korleis ein skal kommunisere med pasientane, kva ein skal spør om for å få riktig informasjon og korleis ein skal spør. Her er det nemleg mykje feil ein kan gjere, så eg prøvar å lære meg nokre gode knep. Eg ser meir og meir at god kommunikasjon krev mykje, både av konsentrasjon og ferdigheiter. Men som sikkert dei fleste har erfart, er det få ting som er spanande som å kome innpå andre menneske og oppnå eit tillitsforhold.

Til dei som måtte tenkje at det høyrtes keisamt ut å berre sitje i eit hjørne og glo, så gjer eg ikkje berre det altså. Eg har fått vere med på funksjonsundersøkingar, kjent på muskelstyrke, analysert gange og haldning, kjent på lause og faste ledd, "lest" rønkenbilete med meir. I tillegg et eg lunch med kollegaer som er veldig synkroniserte når det gjeld lunchval. Alle et makrell i tomat (eller salsa).

Denne praksisen var perfekt plassert i skuleåret, for den har verkeleg gitt ny inspirasjon til lesinga. No har lesinga fått eit heilt konkret mål. Eg vil ha mykje kunnskap for å kunne gje dei framtidige pasientane mine så god behandling som mogleg.

PS: Ikkje spør meg om korleis praksisen er viss du vil at eg skal stoppe å snakke av meg sjølv. Eg er nemleg så fascinert og gira at eg ikkje klarar å slutte.

2 kommentarer:

Solveig sa...

så bra!! Men hvor er du?

Astrid sa...

Eg er på Hans og Olaf fysioterapi i Torggata. VELDIG dyktige folk :) Eg diltar for det meste etter onkelen min.