lørdag 26. desember 2009

Min ven Finn

Finn.no er eit genialt konsept. Her kan folk få pengar for det som vanlegvis berre ligg og støvar ned i skapet. Folk får kjøpt ting dei treng til ein billeg penge. Vi sparar miljøet ved å ikkje kjøpar alt nytt.

Til jul fekk eg pengar av mamma og pappa som kunne vere til hjelp når eg skal finne meg vinterjakke. Eg såg med gru fram til å gå i byen under januarsalet, sveitt og varm mellom desperate småbarnsmødre som skal finne billege parkdressar og ski til ungane sine. Det er då min ven Finn kjem som eit friskt pust midt i mismotet og innbyr til sofakos og ein kopp kakao på bordet. Ein leitar - og ein finn!
Takk, finn!