tirsdag 8. desember 2009

Astrids desember

Det blir ikkje mykje tid til blogging for tida, men no hadde eg litt tid til overs. Eg sit på HiO og har akkurat fullført ei oppgåve i massasje og palpasjon der eg la ut om mine kjensler og mine nye erfaringar til å berøre og bli berørt. Godt å få ting ut av verda!

Som dei fleste andre er eg midt oppi eksamensstyret. Eg har hatt ein eksamen og har ein att. Førre eksamen var munnleg og det gjekk fint. No gjenstår massasjeeksamen og eg er litt spent. Det tar på å øve, men det er ikkje akkurat den verste eksamens"lesinga" eg har vore borti. Vi byttar på å massere kvarandre og pratar saman. Eg har lært mykje, men kjem nok til å vere litt lei av knadningar og friksjonar når det heile er over.

Dagane går i eitt, og eg skulle gjerne hatt tid til å lage pepparkakehus og flette kransar til juletreet. Eg får ta det igjen når eksamen er over den 16. Trass alt som skal gjerast fekk eg eit glimt at julestemning her om dagen då eg stressa rundt etter julegåver (hehe).

Men jammen meg finst det lyspunkt her i livet òg. I går kom Per Inge med to ark til meg. Det eine var ei kvittering som viste at han hadde kjøpt ein cd til meg, noko som i seg sjølv var kjempekoseleg. Men så toppa han det heile med å gje meg ei kvittering for to billettar til John Mayer-konsert 31. mai i København. Vi er ein heil gjeng som reiser både frå Bergen og Oslo, så eg har stor tru både på turen og på konserten. Det er godt å ha noko å sjå fram mot!

Av andre store opplevingar den siste tida kan eg nemne gospelnight med Manna og julebord på Wallmanns salonger. Det var utruleg kjekt å synge på gospelnight, og vi fekk mange gode tilbakemeldingar. Det var første gongen vi song med band, så det er ikkje rart vi vart gira. Det vart som ein aerobictime å stå der framme. Julebordet var med Spice, og det var ein spanande oppleving. Eg havna på bord med ingen mindre enn dei som sit i ledelsen, sidan sentralbordet fann ut at dei skulle starte eit bord utan meg. Uansett, så var det verkeleg julebord med stor stil. Mellom serveringane (av god mat), var det show på scena med songar frå musikalar, kjempekule kulissar og parodiar på grand prix for å nemne noko. Dei som dansa og song var folk som sikkert kunne fått nokre store rollar i musikalar her og der, altså veldig dyktige folk. Flott oppleving! Eg følte meg som fiffen i storbyane i USA på 50-talet.

Dagane fram mot juleferie vil gå i fleire julebord, lesing, øving til massasjeeksamen, trening, litt jobbing og ein julekveld med Sygnajentene som eg gler meg veldig mykje til.

God adventstid folkens, og ikkje gløym å vere tilstades i augneblinken. Vi lever her og no og må ta ein dag av gongen. Å bekymre seg legg ikkje til ein alen på livslengda, og vi som har Jesus i hjartet kan vakne opp med vissa om at nåden hans er ny kvar dag. Vi har mykje å vere glade for!

Ingen kommentarer: