søndag 8. november 2009

LondonLengsel

I dag har eg lyst til å vere i London. Ha søndag i London. Ete engelsk frukost, gå på gudsteneste i Hillsong church London, gå ut oppløfta, shoppe litt og så ta fly heim att.

Eg har så lyst til å reise for tida. Ta eit år i Australia, bli kjent med flotte folk frå heile verda, lovsynge i Hillsong, ha det litt varmare enn i Noreg, få kjenne litt på heimlengsel.

Eg har så lyst til å oppleve noko nytt og spanande. Noko meiningfylt. Få eit nytt møte med Jesus.