mandag 9. november 2009

Gud i alt

Når eg les anatomi, når eg ser kor fantastisk kroppen vår er designa, då ser eg Gud. Alle celler, alt vev, actin og myosin, brusk, hormonar, nervesystem. Det vitnar om at det kan ikkje vere tilfeldig. Det vitnar om at det er ein Gud og at eg har ein verdi som er så stor at ingen kan måle den. Men eit lite overslag kan synast gjennom Jesus på krossen som døydde for mine synder.

Når eg høyrer nokon syngje, når eg ser eit kunsverk, og ikkje minst når eg ser nokon danse, då ser eg Gud. Eg såg filmen This is it på kino i går, og når eg såg dansarane vart eg heilt rørt. Tenk kor flott vi er designa! Tilfeldig? Neppe.