søndag 12. juli 2009

Planta ved rennande bekker



For dei som skulle lure på det - og det er kanskje nokon, så tenkte eg at eg kunne forklare kvifor bloggen min heiter det den heiter. Planta ved rennande bekker er tittelen på boka som vart skrive i høve Sygna sitt 25-års jubileum. Sjølv har eg, som mange sikkert veit, budd halve livet mitt på Sygna, og det er verkeleg plassen der eg trivst og kjenner meg heime. Her har eg vakse opp, her har eg gått på skule og her har eg jobba. Åra har gitt meg så utruleg mykje, både på godt og vondt, men mest på godt. Her har eg fått blitt betre kjent med Jesus, meg sjølv og andre. Sygna har sett store spor. Ja, eg er godt planta ved rennande bekker. 


Salmane 1, 1-3:
   Sæl er den som ikkje fylgjer
      råd frå gudlause menneske
      og ikkje slår inn på syndarveg
      eller sit i lag med spottarar,
   
   men har si glede i Herrens lov
      og grundar på hans lov dag og natt.
   
   Han er lik eit tre,
      planta ved rennande bekker:
      Det gjev si frukt i rette tid,
      og lauvet visnar ikkje på det.

  Alt det han gjer, skal lukkast.

Ingen kommentarer: