lørdag 18. juli 2009


Eg merkar at det snart er august. Det merka eg i fjor òg, og året før der, men no er det litt spesielt. Til hausten er eg nemleg student. Sånn på årntli.

Eg merkar det kvar gong eg går inn i ein bokbutikk. Eg blir skikkeleg spent og glad når eg ser alle dei nye skuledagbøkene, pennala, pennane, filofaxane, ringpermane og skulebøkene. Nesten litt adrenalinkick. Eg skal byrje å bruke hjernen igjen. Finne fram texasen min (kalkulatoren), rekne logaritmar, derivere og finne x og y. Eg skal bli betre kjent med exel. Og eg gler meg. Eg er spent på foredraga, klasseromma, gruppearbeidet, timar på lesesalen, oppgåver og innleveringar.

Eg måtte verkeleg halde meg i skinnet i dag, for eg hadde så lyst på ein ny filofax, men fornuften slo inn. Eg får jo ein gratis på høgskulen. Eg gler meg til å fylle inn forelesningar, jobbtider, avtalar osb. Og ikkje minst til å pakke skulesekken. Wee!

Nerden i meg er på veg opp til overflata etter to år med kvile. Bring it on!

1 kommentar:

Ingar T. Hauge sa...

Bli bedre i Excel, leksjon 1:

Det heter ikke Exel, ikke Excel.