mandag 8. juni 2009

Laurdagsgleder

På laurdag kom eg opp at til Balestrand etter nokre dagar heime. På veg opp att sat eg og lurte veldig på kor tid eg skulle få tid til å vaske badet, for det måtte gjerast. Det var nesten sånn at eg bekymra meg litt. Eg stressa inn døra og inn i stova for å sjå korleis det såg ut der, om det måtte vaskast der liksom. Det som då møtte meg var eit kjempekoseleg brev frå to jenter i første, der dei skreiv mykje fint, mellom anna at dei hadde vaska badet mitt og gangen. Og då eg kom ned på badet måtte eg berre glise. Der var det skinnande reint og flott. Konklusjon: Eg har verdas beste jobb, og eg er så glade i folka er på Sygna!

Laurdag var det avslutningsfest her for russen. Ein flott ettermiddag som vart avslutta med Kokelimonke hjå Jan Kristian. Stine var òg på besøk, og det var så kjekt, så kjekt å sjå ho att. Denne kvelden nådde eg toppen av "hyperhet", og vakna neste dag med eit sterkt ønskje om at eg hadde drøymt det heile, og ganske så vondt i magemusklane etter intens latter. Men guri, det er godt å le!

Bilete er kjekt å ha med, så eg avsluttar med eit bilete av miljøteamet 08/09:


Kven har den største bicepsen?

Ingen kommentarer: