onsdag 3. juni 2009

Astrids moteblogg, post 1


Når eg er heime i Knarvik, plar eg ikkje vere mykje ute mellom folk, av den grunn at eg er heime og slappar av. Sidan eg ikkje skal møte så mange folk, så mildt sagt drit eg i kva eg har på meg. Eg gidd ikkje ein gong sjå meg i spegelen, eg berre tar på meg det første og beste. Men då eg først såg meg i spegelen, og det gjekk opp for meg kva eg faktisk gjekk med, fekk eg meg ein god latter. Dagens antrekk var nemleg dette:




Viss du vil sjå like bra ut, har eg oppskrifta:
1 stk utvaska singlet kjøpt på salg på Only, 20 kr
1 stk t-skjorte med teksten "to the disco!" frå TopMan, 120 kr (sånn ca)
1 stk sykkelshorts som når deg opp til armhulane frå Spar Kjøp, 79 kr
1 par rosa crocs frå Spar Kjøp, 49 kr

Miks dette saman med ustelt hår og eit stort sår på kneet.