onsdag 1. april 2009

Eg må betale restskatt. Skikkeleg surt. Heldigvis var det ikkje så mykje. Men det hadde jo vore kjekt å få noko att. Eit par tusen kanskje. Men men. Sånn er livet, og det må eg berre leve med.

Forresten, når det gjeld pengar så ordnar det seg alltid på eit eller anna vis. Vi bur i eit av verdas rikaste land. Trur ikkje vi har så mykje å bekymre oss for. Viss det blir knipe, så har vi jo alltids eit piano, eit fjernsyn, ein sykkel, eit stereoannlegg, ein iPod, ein datamaskin eller noko anna å selje. Vi slit ikkje for å seie det sånn. Men eg har ikkje lyst til å selje pianoet mitt. Difor gjer eg det ikkje.

I morgon reiser eg heim til påske. Eg merkar at ferien nærmar seg. Eg får så lyst på mat nemleg. I går laga eg rullekake, og den vart skikkeleg god. Både eg, Solbjørg, Sven Arne og heile bibelgruppa var samd.

Solbjørg er snill og let meg få køyre bilen hennar heim til påske. Det blir første gongen eg køyrer så langt aleine. Eg gler meg. Eg skal kjøpe meg svele på ferja.

Sidan det er ferie i morgon, kanskje eg skulle ha vaska litt klede?

1 kommentar:

Anonym sa...

Atrid, siden detta innlegget blei skrevve den 1 april, så ser æ me skeptiske øya på om alt detta e heeilt sant.. :)

Btw: aprilspøken om utvisning t ho mamma, førte videre t en stor diskusjon om oppdragelse av barn seinare på kvelln :p