onsdag 10. september 2008

Helgevisitt!

Førre veke, frå onsdag til søndag hadde eg stort besøk her på Sygna. Då kom Per Inge nemleg på sin andre tur til Balestrand. Og kjekt var det! Sidan eg er så utruleg godtruande, likar Per Inge veldig godt å lure meg, og det klarte han jammen meg denne gongen òg. Han sa at han skulle ta ei ferge som gjekk kl 22.50 og skulle då vere i Balestrand litt etter kl 23. Eg sat i møtesalen og jamma og ana fred og ingen fare. Ei god stund før kl 23 sto Per Inge plutseleg i døra. Glede!

Det var mykje kjekt som skjedde denne helga, men eg vil trekke fram laurdagen. Då vart det arrangert K-fest på huset, og både elevar og lærarar kledde seg ut som ting som byrjar på K. Vi var ein gjeng frå personalet, inkludert Sven Arne og Per Inge, som kledde oss ut som Kvinneforening. Eg lo. Særs mykje. Mjelstadeffektane kom til sin rett.
Bilete kan du sjå her.

No er det møteveke med Ole Os, og det er alltid kjekt. I går var første møte, og det var ganske bra med folk. Håpar sjølvsagt det kjem enda fleire. Målet er alle. Då kan eg sei meg fornøgd. For tida går det då altså for det meste i møtevekeførebuing, kompøving osb. Elles er det fine dagar på Sygna for tida. Det er ein herleg flokk med elevar her, det er sikkert og visst!

1 kommentar:

Karen Marit sa...

de e goe å ha, mjelstadeffektane:) vet aldri når en får bruk for de:)