mandag 2. juni 2008

Bulgaria neste!

No sit eg på rommet mitt på Fjellhaug. Her er det ganske stusseleg i grunn, for det er heilt tomt utanom ein haug med klede. I morgon går turen til Burgas i Bulgaria, og eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg enno. Tenk, om eit døgn ligg eg på ei solseng ved Svartehavet. Er ikkje feil det, du. Gler meg! Det er berre litt stress å få pakka og sånt, men det ordnar seg. Den siste tida har bestått av fint vèr, masse bra folk, avslutningsfest og sånne standard no-er-vi-snart-ferdig-greier. Avslutningsfesten var veldig koseleg, men eg var ganske letta då den var over sidan eg hadde ganske mykje ansvar. Men folkens, ein ting skal vere sagt: Fjellhaug har gjort så utruleg mykje bra for meg! Eg kjem til å sakne det å ha så mykje fokus på Jesus og bibelen. Det har vore godt. I tillegg har eg fått utvikla meg mykje musikalsk. Då eg byrja her var det heil utenkjeleg at eg kunne stå på ei scene og syngje solo. Det kan eg no. Er eit lite under, det!
Førre veke var eg ein svipptur innom Sygna berre for å seie hallo (og for å sleppe unna all vaskinga på Fjellhaug, hehe). Der fekk eg vite at eg skal halde hus i rektorboligen, og det er eit svært hus med 5 soverom eller noko sånt. Så folkens: kom på besøk. Eg har plass for å seia det sånn! Eg budde forresten i det huset frå eg var 0-6 år, så har nokre koseleg minner derifrå. Å bli miljøarbeidar gler eg meg stort til. Det virkar som ein kjempegjeng av elevar og personale. Snakakst til hausten til alle som les som føle seg truffe!
I går var eg og Per Inge ute på tur i skog og mark. Bra eg har ein kjærast som kan dra meg med ut på ting, for eg går litt tom for idear. Det gjer definitivt ikkje han. Herleg :) Vi tok t-bana opp til Sognsvann, og der fann vi ei gruve vi skulle gå inn i. Per Inge som manglar mentale sperrer for alt som er skummelt og nytt, gjekk heilt inn og tykte det var stas. Astrid-pingla fekk klaus og måtte gå ut etter 25 meter. Hehe, jaja. Sånt skjer. Etterpå grilla vi og fekk mange myggstikk. Men å kome seg ut, det er godt det! Kom dykk ut, folkens!

(No sit eg og lurar på om eg skal pakke, for det burde eg, men det ser ikkje ut til å skje med det første. Difor legg eg ut nokre bilete.)







Ingen kommentarer: