torsdag 15. mai 2008

Livet er farleg!

Etter at eg hadde hinka rundt på den skinna mi i seks veker i haust, tenkte eg at eg var ferdig med sånne ting. Den gong ei. Førre veke var eg ute og gjekk barføtt, noko som er særs herleg, spesielt i gras. Eg måtte snu meg fort for å hente noko eg hadde gløymt i graset, og la bortover i friskt tempo, heilt til eg gjekk rett på ein tømmarstokk. Jada, eg veit det at når det kjem til dømes ein tømmarstokk i vegen plar ein løfte foten, men så langt kom ikkje eg. Det var forresten enden av tømmerstokken eg gjekk på. Den var flat og veldig vond.

Dette resulterte i nokre ting:

1. Enda ein tur på brudd- og skadeavdelinga dette skuleåret
2. Enda meir venting på legevakta
3. Eit gjensyn med ein gamal ven (men eg fekk ikkje ta den med heim denne gongen):

Sist men ikkje minst:
5. To knekte tær (lilletåa og den ved sidan av, altså tå nr 4 og 5)


Så no går eg litt rart, og har stygge føter, men eg slepp i alle fall å koste skuleplassen :)

1 kommentar:

kari! sa...

Det er jo ALLTID noe positivt man kan skvise ut av slike opplevelser.

Hoffoghoff, det så jo ikke noe godt ut. Er det ikke nå man skal si "jamen, nå kjenneru jaffal at du har tær!!"

Joja, men hadde det ikke holdt om noen bare kilte deg litt? Du kjenner jo tærne da også;)