mandag 14. april 2008

Eg er i live!


No er det jammen meg lenge sidan oppdatering! Og det er jammen ein grunn til det, for sidan påske har det gått slag i slag her på Fjellhaug. No er den travlaste perioden over, og her kjem oppdateringa!

Vi byrjar med siste delen av påskeferien:

Mandag til torsdag, siste veka i påskeferien reiste eg, Per Inge og Martha Berit på roadtrip til tja.. Tyskland. Per Inge skulle nemleg kjøpe forsterkar til seg sjølv og ein kompis, og når eg fekk tilbodet om å få vere passasjer, takka eg ikkje nei til det! Turen kan du lese meir om på bloggen til Per Inge., men eg legg inn nokre av mine eigne ord òg. Turen innebar mykje køyring, mykje impulsivitet, mykje MacDonadls og mykje glede.
Køyring: Vi skulle eigentleg berre rett over grensa til Tyskland, til byen Flensburg, men den butikken hadde ikkje det vi skulle ha, så vi reiste rett og slett til Hamburg.:) Ein herleg by med mange bra butikkar, plassar å sjå og folk. Per Inge var det einaste som hadde lappen av oss som reiste, så hyll hyll til han for å køyrt heile vegen utan å klage!
Impulsivitet: Då vi reiste ned hadde eg i grunn ikkje tenkt å kjøpe meg noko spesielt, men slik vart det ikkje. No står det eit flunkande nytt Yamaha P-140 el-piano på rommet mitt og gir meg mykje glede. Eg sparte om lag 5000,- på å kjøpe det i Tyskland i forhold til i Noreg, så noko bomkjøp var det på ingen måte. Glad og nøgd er eg :)
MacDonalds: Både i Tyskland, Sverige og Danmark var det skilt til MacDonalds med jamne mellomrom på motorvegane, så når me vart svoltne, var valet enkelt. Det låg jo så lett tilgjengeleg. Vi fekk oss nokre gode latterkuler på desse besøka. På eine stoppet møtte vi på det verste eg nokon gang har sett av eit kjærastepar. Dei sat på same bord og såg kvar sin veg. Det var så utruleg tydeleg at dei hadde absolutt ingen ting å snakke om. Jenta sat og las på eit informasjonsark og typen sat og leste på ja.. capsen sin. Og sånn sat dei før maten, under maten og etter maten. Det var trist, men utruleg morosamt for oss som såg på. På den andre macceturen er eg overtydd om at eg såg ein kjendis, men MB og PI var ikkje så sikker. Den siste turen slo eg til og bestilte ein BigTasty, noko som førte til at eg fekk mild panikk då eg fann ut at hamburgaren i seg sjølv dekka nesten 80% av eit dagsbehov av feitt. Skrekk og gru.
Glede: Turen var generelt heilt konge, tidenes tur! Til trass for små irritasjonsmoment uder kartlesing, var vi ein harmonisk gjeng. Reiser gjerne på tur med dei to igjen, utan tvil :)









Skulle lagt ut fleire bilete, men det gidd eg ikkje. Turen kan uansett ikkje skildrast godt nok, den var så bra!

Det varte likevel ikkje lenge før eg var ute på motorvegen att. Eg og 13 andre frå Fjellhaug reiste nemleg vore i Örkelljunga, Sverige og hadde ungdomsmøter. Vi planlagte og gjennomførte alt sjølv, både tale, song, leiing osb. Herleg å vite at ein har klart å gjennomføre noko sånt heilt sjølv. Fellesskapet oss imellom var veldig godt, og Jesus var verekeleg tilstades medan me jobba. Det var ei flott langhelg som vart avslutta med barnedåp for nevøen min, Sigurd Asdahl. Kjekt å sjå familien igjen, og det var ein koseleg dag til trass for at eg berre hadde sove 3 timar natta før og var daudtrøytt, noko eg enno her, for eg har ikkje klara å hente meg inn att enno. Ranglefant har eg blitt, kven hadde trudd det? Men eg skal skjerpe meg, det lovar eg!

Førre veke var det møteveke, og då hadde klassen ansvar for musikken. Dvs speling på møte kvar dag. RIMELEG glad for at den veka er over! Ja, det er kjekt med musikk, men av og til blir det berre nok. Denne veka derimot har eg verkeleg trua på! Ingen store stressmoment i grunn. Sånn det skulle ha vore heile tida, eller hur? I kveld skal Von syngje på møte, og det gler eg meg stort til. Elles består tida av skule (der eg har fått tilbake litt motivasjon igjen), hengig med folk, solarium, godtefri, sparing av hår, eting, rydding av rom, soving (for det meste på dagtid) og generelt leving. Eg har det bra, folkens! Livet er GODT å leve!

Til slutt litt kvardagsbilete med Joakim på bussen heim frå Sverige, bollar og saft etter møte, og meg og niesa mi, Anna Oline, i barnedåp.





6 kommentarer:

Unknown sa...

melodi: "å vestland vestland"

åå deutschland deutschland når eg ser deg slik..................

hehe magisk tur...

MIMI

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Ingar T. Hauge sa...

Jeg er forvirret: Hvilket elpiano er det egentlig du har kjøpt? Clavinova CLP 240, P240 eller P140? Jeg var sikker på at du skaffet deg sistnevnte...

Astrid sa...

Ingar: Du veit jo at det er P-140 :) Ein liten trykkfeil her og der må ein berre rekne med.

kari! sa...

Åj, dette var en lang og koselig bloggpost, Astrid!
Tommelen opp for deg:)

Livet ER godt å leve, ja! Så kast deg ut i det, og LEV:D

Anonym sa...

See Please Here