tirsdag 11. mars 2008

Sidan sist...

Har eg vore i London med klassen. Der gjekk det mange pengar, noko som ikkje er så kjekt, men turen var kjekk, så det veg litt opp. Vi såg to musikalar; Lion King og Les Miserable. Det var heilt fantastisk, eg har ikkje ord. Tar lett ein tur til London berre for å sjå musikalar!

Von har kome i gang med øving igjen. Vi skal syngje på eit arrangement i Sverige, og elles skal vi ha ein konsert i løpet av våren. Det blir kanon!

Eg har byrja å bli litt flinkare til å stå opp om morgonane, og no er det faktisk berre tre morgonar til eg må stå opp før det er påskeferie. Har ikkje vore heime sidan jul, så det blir godt å kome ein tur over fjellet.



Men den store nyhenda er vel denne:
EG ER FERDIG MED TRAFIKALT GRUNNKURS! Ja, dette plar folk vere ferdig med når dei er 15 år eller noko sånt, men betre seint enn aldri, hur? No blir det kjekt å køyre bil.. lovleg.

2 kommentarer:

kari! sa...

TjoHei! Trafikalt grunnkurs er jo ikke det aaaaller gøyeste jeg har vært med på. Deilig å få det ut av verden:)

Karen Marit sa...

d va så kjedelig det, å han der sogne mann snakka jo så fort å utydele at vi fikk ikkje me oss så masse:)