torsdag 7. februar 2008

Hæppi børsjdei tu mi!

Ja, litt på etterskot, men eg hadde ein så bra dag at den fortener eit blogginnlegg uansett. No er eg 19 år folkens. Herleg!

Det heile byrja rett over kl 00.00 då eg og Sigbjørn sat og såg film. Då kom Samuel inn med gåve til meg, og Sigbjørn fann fram sine. Det heile utgjorde eit flott gavebord:) Neste morgon hadde klassen laga kake til meg og kjøpt ein plante i gåve. Beste klassen altså :) Etterpå kompa vi til føremiddagsmøtet i misjonssalen, noko som gjekk ganske bra. Etterpå møtte eg Sigbjørn i byen og vi åt ein herleg middag på Egon, noko som var utruleg koseleg :) Med masse mat i magen sprang vi frå trikk til trikk til vi kom opp til teknisk museum og hadde nokre artige timar der. Eg diggar teknisk museum som den geeken eg var (eller pleide å vere), så det passa perfekt med ein tur dit. Etter nokre timar der kom Ane og "kidnappa" meg til eit surpriseparty hjå klassevenninna mi Sigrid. Der var det overraskande masse folk, og det var ein kjempeflott avslutning på ein herleg bursdag! Takk alle saman :D Eg har veldig mange gode folk rundt meg og er særs takksam for dette. Kjekt for meg det :)
















Elles ligg eg no på Fjellhaug og spyr og ser One tree hill. Plutseleg i natt måtte eg ut og spy, og sidan det har det vel gått slag i slag i rundt 12 timar no. Håpar på å få tak i noko cola i løpet av dagen, det pleie å vere bra. MEN, det er gode nyhende å fortelje om òg! I heile vinter, eller i grunn sidan i sommar, har eg sikla etter ein tur til syden, og no ser det ut til at det blir noko av :):) I sommar blir det sydentur, og ikkje berre èin, men TO!! Først til Bulgaria og deretter til Spania. Halleluja, det blir bra!

No må eg ut og spy.. snakkast folkens!

6 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

For en dag! Så søt han Sigbjørn e, han hadde jo pyntet seg kjempefint, så det ut som:) Dokkar e meg jammen et fint par.

Gratulerer med overstått!! Stas å være 19! Glad i deg.Klem fra nairobi

Karen Marit sa...

samuel ha fått sjegg!!!!!guri så stygt d va:)
d e godt du he one tree hill;)
go bedring!

Ingrid Aukan sa...

offa, håpa du hell på å bli fresk igjæn. :) gratulere me overstått!

Anonym sa...

Fy søren KM, sitter du her og disser skjegget mitt i skjul?
Er det mulig ass?

Men, sånn egentlig så har du jo ganske rett da.. ;)

kari! sa...

Karen Marit, du er så DRØYT frimodig av og til. Haha! Utrolig frimodig.

Men Astrid, bursdagen din var så koselig. Tommelen opp for bursdager!

Sigrid sa...

Ey! Her var jo bloggen din og! Og jommen var det ikke en liten plass til meg og. En ære! :D
Godt å høre at dagen din ble så bra!