onsdag 30. januar 2008

Wannabe BIF!

Som de sikkert har fått med dykk, går eg altså på musikklinja her på Fjellhaug, men dei siste to nettene har eg vore så dristig at eg har hatt tendensar til å gå i idrett- og friluftslivklassen. Ei herleg jente ved namn Vigdis Trana har oppretta noko som heiter "Vigdis naturskole", og der er eg medlem. Eg har ikkje vore eit aktivt medlem, og dette måtte det gjerast noko med, så dei to siste nettene har eg faktisk sove ute. UTE! Under open himmel folkens. Det har vore friskt (nei, ikkje kaldt), og kan verkeleg anbefalast! Det skal seiast at den siste natta måtte vi kapitulere, for då vart vèret litt dårleg. Men dette skal verkeleg gjentakast!


4 kommentarer:

Martha Berit sa...

Bra dokke hadde det kjekt! E må no då seie at e hadde det ganske godt i varme senga mi;)

Anonym sa...

Herlig! Trur ikke eg skal prøve det samme her, vått vått vått...men no har eg sendt gave til deg, Astrid!

Og til alle som lese dette: vil dåke glede Astrid, er søndag en gylden anledning; ho fyller nemlig 13år! Snart i tenåra, Astrid! JIPPI! Så vær raus med meldinger, pakker, gratulasjonsklemmer og kaker! Because she's worth it;)

Anonym sa...

Til Åshild: Eg gler meg :D NEi, trur du må vente litt til det sluttar å regne i Bergen, og det gjer det jo aldri, så eg vil fraråde deg å prøve.

HAHA!:D Det der skulle Sigbjørn sett.. Han meiner eg ser ut som om eg er rundt 13, så han hadde nok gnidd seg i hendene av synet av at det er fleire som meinar det same.!

kari! sa...

Vigdis Naturskole -hvor mange er med der?? Jeg vil også. Derfor! Vigdis må bli i Oslo til høsten, sånn at vi kan sove ute heeele tiden.