mandag 14. januar 2008

Vi rockar hardt i Oslo

I går var eg svolten, veldig svolten. Den var tilfeldig vis Ane, Martha Berit, Karen og Mailen òg. Etter misjonssalen gjekk vi på hard rock kafè, og tykte at det var ein særs god idè. Vi smilte til kvarandre og lo medan vi rusla bortover Karl Johan.




Èin ting lærte eg i går: Viss det står "big enough to share" i menyen, då er det så mykje mat at ein ikkje klarar å ete det sjølv, til og med viss ein ikkje har ete sidan frukost. Eg bestilte med friskt mot ein porsjon nachos med kylling. Ja, det var godt, men berre å sjå den enormoe porsjonen fekk meg nesten til å bli mett.

I går var eg mett, veldig mett.




Denne boka ønskje eg meg til bursdagen min som altså er 3. februar. Den verkar oppbyggjeleg og spanande.

I dag har eg vore på jobb i 9 timar og berre gjort feil. Etter jobb såg eg filmen "over hekken" med Sigbjørn og åt sjokoladepudding. Det gjorde dagen litt betre. No skulle eg gjerne ha fylt opp sosialkvoten enda meir, men eg må klare å kome meg opp til første time i morgon. Eigentleg skulle eg gjerno vore sosial i heile dag, men klassen skal til London og då må ein ha pengar og då må ein jobbe.

Til alle saman der ute; dåkke e bra!

6 kommentarer:

Solveig sa...

"Over hekken" e så braa! hihihi..

Martha Berit sa...

Hjelpe me, så mett e va den kvelden! Men det va kosli, så verdt å gjenta! ...me ei anna bestilling selvfølgeli;)

kari! sa...

DU er bra!

Ellers.. du har klipt en søt sveis! bra:)

Sees om mange timer, Rydland Bjørke!

Nathalie sa...

HEHEHEHEHE

Muldvarpen, søte muldvarpen. Eg har faktisk dramatisert den boka der, framfor heile klassen + ein del lærarar. Jada. Med bæsjinga og alt. Jepp.

Astrid sa...

Nathalie: Haha, kan tenkje meg det var ei herleg oppleving!:D

Anonym sa...

Det er en genial bok. Kjempepedagogisk også, og god moral - holder på å le meg ihjel av bildet med hunden i slutten hver gang jeg leser den. Helt legendarisk!