torsdag 17. januar 2008

Jau jau, drive med sau.

Ting skjer for tida. Vi har fått appelsinjuiceautomat. I forgårs hadde eg og Sigbjørn ein veldig koseleg tur til IKEA. Då kjøpte eg meg ny plante.



Neste veke skal bibelskulen på turnè til Sunnmøre. Eg kjnner på meg at eg er litt for lite førebudd, og eg er rimeleg nervøs. Von skal syngje, og eg skal vere med som forsangar på møtene. Det er så irriterande, for eg bekymrar meg så lett, og så er det liksom ingen nytte i det å bekymre seg. SUkK. Men eg gler meg òg då.:)

Det er fortsatt like vanskeleg å stå opp til første time no som før jul, så ingen ting har forbetra seg på den fronten. Eg har eit forfeldeleg kosthold, så det har heller ikkje forbetra seg. Eg trenar ALDRI, og det kjem definitivt ikkje til å bli noko betre.

I dag skal eg på jobb, og eg håpar reisa går litt meir knirkefritt enn førre gong, då eg rota meg heilt vekk. Oslo er så stort!!!

Ja, dette vart ikkje stort til glad-innlegg, men no har det seg sånn at ikkje alle dagar er like glade, eller hur?

Med andre ord: Det er ikkje så mykje nytt som skjer. Eg vil til syden. Det er vel stort sett det det går i.

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Du vet at skolen har hatt appelsinjuiceautomat hele tida? Det er eplejuicen som er ny...

Ellers er det sårt å lese at Von skal synge uten meg, men det er bare sånn det er.

kari! sa...

skal vi ikke bare ta oss en tur til syden??

Anonym sa...

Hei....
Så artig blogg! Det er ikke hver dag man treff sånne flotte ungdommer på blogg!
Jeg skal følge med her og se innom deg av og til.
Må Gud velsigne deg!

Hilsen fra nord, Nunne