onsdag 3. oktober 2007

Nattmat, nye innkjøp, nydeleg

For tida skjer det mykje på ein gong. Eg får berre byrje i ein ende.

Denne veka har vi linjeprosjekt. Vi har om låtskriving, og eg må seie at det likar eg veldig godt. Eg har blitt inspirert, og kanskje har eg ein sang ferdig i slutten av veka? Det skal då vere ein lovsong (nei, ikkje lovesong), så det er mykje å skrive om! Eg tykkjer det er så herleg å vite at eg er Guds barn, så det skal eg skrive om. I går vart eg minna på at eg er Guds born. Sigbjørn sa i går ut av ingen ting: "Du er Guds barn, Astrid". Det trur eg er noko av det finaste nokon har sagt til meg.

I dag er det verdspremiære på Fjellhaug pikekor. Vi skal ta tog til Ski og syngje eit par songar på eit møte der. Eg skal leie møte, pluss at songane ikkje sit heilt spikra, så eg er litt småstressa ja. I går var eg nesten sint, men i dag har eg roa meg litt ned, så eg er sånn ca småstressa, men ikkje noko verre enn det liksom. Sigbjørn er snill og flink som får meg til å le og sånn sjølv om eg er stressa.

Elles har eg kome inn i ein veldig dårleg uvane med nattmat. Det som er problemet er at eg halvvegs et i søvne, så det er ikkje så lett å kontrollere det. Jaja. I tillegg har eg litt problem med magen etter eit stort inntak av injerra wot (ethiopiske nasjonalretten) på søndag, men det kjem sikkert til å gå betre om nokre dagar.

No er det straks pikekorøving, og så er det Ski neste. Eg har forresten sett ferdig Prison Break og det var ein fantastisk sesong. Løp og kjøp! Ein annan ting eg kan anbefale å kjøpe er Guitar Hero. Det kjøpte eg på fredag (trur eg), og sidan eg kjøpte det fann eg ut at det var best at eg fekk meg eit fjernsyn. Det fann eg på finn.no for ein billeg penge. Det einaste var at tv-en befann seg på Majorstua (som er ganske langt vekke frå Fjellhaug, og som inneber gåing, t-bane og buss). Sigbjørn er sterk, så han bærte tv-en heilt opp til rommet, i pøsande regn. How can I say thanks?

1 kommentar:

kari! sa...

hehe! Kan se for meg øvinga med pikene igår. Ikke så mye fjas der i gården, nei;) Flink er du, Astrid!

Møtte Sigbjørn ved t-banen idag. Han gikk ca 2 meter bak meg hele veien ned. Creepy, anyone?;)