tirsdag 18. september 2007

Nytt tilvære!

I går gjekk eg inn i eit heilt nytt tilvære. Eg fekk nemleg ein pakke i posten som frå no av vil snu opp ned på min kvardag. Kva hintar eg til? Natt og dag-linser. Ein kan ha dei må ein månad i strekk utan å måtte ta dei ut, vaske dei og gnikke dei om kvelden eller stresse livet av seg for å få dei inn att neste morgon. Når ein legg seg ser ein godt, og når ein står opp neste dag ser ein godt. Kvifor er det ikkje fleire som brukar dette vidunderet her?

Elles vil eg nemne to ting for dykk som er veldig godt:
1. Havregraut

2. Tjukkmjølk

Dette har eg levd på i lange tider no, og eg har ingen intensjon om å leggje om kosthaldet. Begge ting smakar veldig godt med sukrose, kanel og rosiner. Det er enkelt, sundt og billeg. Kva ventar de på folkens? Spring til butikken!

Elles ligg det ei innhaldsrik veke framfor meg. I dag skal eg, Marit og Ingvild leie verdspremiæra på Fjellhaug Pikekor, og vi gler oss stort. På torsdag byrjar eg med sangtimar, pluss at klassen min skal på konsert med Hillsong. Fredag og laurdag kjem det besøk, og innimellom alt dette kan eg gle meg over at Sigbjørn snart får perm.

På toppen av alt dette kan eg med stor glede tenkje på at eg ikkje har nokre prøvar eg skal lese til, ingen eksamen eg skal grue meg til, ingen 3000-meter eg må trene til og ingen benkpresstest eg må liggje og tenkje på med gru når eg skal sove.

2 kommentarer:

kari! sa...

aaaa, nye linser! man ser ørlitegranne klarere på verden rundt -og man slipper de litt plagsomme brillene. Livet er godt, Astrid!:)

lene sa...

Lykke til med pikekoret!! Eg har trua på deko, altså!;)