fredag 20. juli 2007

Kvifor?!

Kvifor vart eg fødd utan immunforsvar?! Feber, vondt i halsen, vondt i øyrene og tett i nasen. Midt på tjukkaste sommaren. Og kva ligg bak? Jo, ein bussjåfør som ikkje gadd å køyre til endestoppen for eg var einaste passasjer. Difor måtte eg gå 2,5 km i pøsande regn, kl 01.30 om natta. Då eg kom heim var eg våt inn til skinnet, og no har konsekvensane kome. Kjære bussjåfør, det er jobben din å køyre buss! Køyr buss! Eg meinte det var veldig synd i meg då eg gjekk ute den natta. Trur aldri eg har gått så fort før, for eg var så sint.

Og no er eg sjuk.. Første dagen det er sol og eg har fri. Sukk.

6 kommentarer:

Byrknes sa...

Kjedelig. Kan alltids be for deg

Astrid sa...

Tusen takk :) Det hadde vore veldig fint!

Ze Brosowic sa...

Hmm, ingen jobb er for liten for KES, møter hos deg med balltre:D stakkars bussjåføren vil aldri vite kva som traff han.

Astrid sa...

Takk, Knut!:) KES støttar verkeleg opp :)

Anonym sa...

Jeg tror det skal være salg på immunforsvar på apoteket nå, Astrid. Skjønner ikke at du ikke gjorde det for lenge siden? jaja. Aldri for sent, vettu!

Torgeir Hauge sa...

Uff! Håpe verkelig du e frisk te UL!