torsdag 5. juli 2007

Fridom

Eg byrjar verkeleg å like sommarferie. Til no har eg jobba ei veke, vore ei veke på leir og fem dagar på Fedje og besøkt Sigbjørn.

På sommartreff var eg møteansvarleg/forsangar og eg hadde ei topp veke! For å vere ærleg var eg veldig sliten og usikker på kor bra det kom til å gå, men eg fekk mykje energi undervegs og veka vart heilt konge. Vart kjent med masse bra folk, og deltakarane var ein heilt herleg gjeng.

Elles klippa eg meg i dag. På grunn av stram økonomi har eg dei siste mnd klipt meg på dei rimelegaste plassane eg har funne i Bergen. Eg har holdt meg til rundt 175 kr, men i dag måtte eg opp i 230 kr. Det var ein nyoppstarta salong, og det var verd å betale litt meir. Eg følte meg kanskje ein smule ukomfortabel der eg sat og høyrte på at frisøren la ut om då ho var utro mot mannen sin, men ho var flink til å klippe og eg fekk jo faktisk 70 kr avslag! Den store forandringa på håret er det nok ikkje, men ho hadde litt jobb med å rette opp det som den førre frisøre hadde gjort. Ho fekk uttrykt ganske så direkte at min førre frisør ikkje kunne klippe og at eg aldri måtte gå til han igjen. Ok. Greitt.

Dagane til Fedje gjekk stort sett med på scrabble, settlers, sjokolade, is, pizza, legobygging og turar. Verkeleg ferie :)




4 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Lego er stas. Så enkelt er det.

Martha Berit sa...

Hehe.. du he liksom skikkeli sommerferie, du! leir og allting.. e gleda me te UL, e:)

Johanne Pauline sa...

Høres ut som en deilig ferie! Men dø-øh, kommer du snart ut på besøk til meg og torgeir eller? (hørtes ut som vi bor sammen..hehe) Kom, plis?! ;) Eller vi kan komme ut til deg..

Eivihnd sa...

hmm... nesten litt skremt. korleis fann du blogge min?
Lego e konge!