søndag 8. april 2007

Grotesk barndom

Når eg tenkjer meg om det er det utruleg mange barnesongar som eigentleg er ganske groteske. No i ferien har eg vore saman med heile familien som inkluderar to tanteborn på 2 og 4 år, og då blir det ein del synging. Ein vil gjerne skjerme ungar frå groteske scener på barne- TV og andre fjernsynsprogram, men når det gjelder sangar så er det liksom ikkje så nøye. Du sit kanskje og tenkjer deg grundig om utan å kome på ein einaste grotesk barnesong.
Eg skal hjelpe deg. Her kjem nokre døme:

Tippehøne satt på gjerdet,
Tippehøne datt ned.
Ingen doktor kunne hjelpe,
for Tippehøne var død.

Viss dette scenarioet med Tippehøne hadde gått føre seg på fjernsyn hadde nok alle foreldre gispa, sett på kvarandre med store auge og tenkt at NRK hadde gått for langt. Hadde dei ikkje rukke å setje ei pute foran augo på dei søte små hadde dei nok tatt dei på fanget etterpå og forklart kvifor det var slik at Tippehøne måtte døy. Det verste med den sangen er at den har ein munter melodi.

Eit anna døme på ein grotesk song er den godt kjente "Blåmann, Blåman, bukken min." Legg spesielt merke til tredje og fjerde vers.

Blåmann, Blåmann, bukken min
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Sjå ikring seg homund' sjå
liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

Du var spræk og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
"Han veit meir enn mata seg."

Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.

Løynd mellom nydeleg nynorsk og solid enderim finn ein eit ganske trist/ sjokkerande innhald. Stakkars Blåmann må stå og grave på gjetarguten som ligg der heilt daud. Han har liksom ikkje dei store moglegheitane til førstehjelp eller munn- til- munn- metode. Han er jo ei geit. I siste verset les vi om gjetarguten som står og lokkar på Blåmann, men som ikkje får noko svar. Blåmann er borte vekk. Greitt nok, Blåmann kunne døy av naturlege årsakar som alder, men ein får inntrykk av at Blåmann er ei ung geit, og kva kan då har skjedd? Det er ikkje til å stikke under ein stol at mange born ser for seg at ein ulv har rive han i filler, at ein jerv har vore på ferde eller at Blåmann rett og slett har falle ned frå eit gjerde slik som Tippehøne.
Det er liksom så koseleg og gjerne med eit smil om munnen at ein syng "Bjørnen med sin lodne fell, kan deg takast sein i kveld." Det er jo faktisk ganske alvorleg dette at Blåmann må gå rundt med frykt om den lodne bjørnen. Nokon syng denne gjerne til godnattsong, og då ligg nok ungane der og lurar på om Blåmann verkeleg blir tatt i kveld eller ikkje. Eg seier ikkje at born skal bli skjerma for alt slikt, det er berre det at groteskheiten i sogane verkeleg har gått opp for meg.

I tillegg kunne vi snakka om Lille Trille og ein eller annan sang om ein uheldig mann som eg ikkje kjem på tittelen på. Men sjølv om sagane er både triste og groteske kan det vere ein fin måte å smyge inn informasjon død og fordervelse og ulykke i dei små barnehovuda. Ein eller annan måte må dei jo lære dette på, og kva er vel betre enn ein song med munter melodi om Tippehøne som tilfeldigvis datt ned frå gjerdet? Det er kanskje greitt at borna får vite om livets gang i dei tidlege år slik at dei ikkje blir heilt frå seg når dei ser ein episode Globus 2 som 34- åringar.

2 kommentarer:

Siggy sa...

Hehe, det er bra du prøver å oppmuntre meg:) takk for det. hehe! Eg har altså ikkje gått glipp av så mykje? Betryggande:)

Ingar T. Hauge sa...

Enda sterkere kost finner du hos Torbjørn Egner, som har blitt sunget til niesa mi siden hun var et halvt år. Tar bare andre verset:

Den som vil ha bare kjøtt
og spiser sine venner,
han blir så doven og så trett
og får så stygge tenner.

Brutalt? Ja, absolutt.