søndag 22. april 2007

Andre år på rad

For andre år på rad var eg i går med på å vinne talentiade (tidlegare grand prix) her på Sygna. Vi var ein gjeng russejenter som stifta band og framførte "Zombie". Bandet besto av piano, gitar, trommer, bass, to vokalistar og ikkje minst blokkfløyte! Det var nokre heftige blokkfløytesoloar her og der, og eg trur det slo godt an. Sjølv spelte eg bass og det var utruleg gøy. Ikkje den mest krevjande songen (fire grep), men kjekt likevel. Det mest utfordrande var vel kanskje å halde seg alvorleg.

I dag rørte koret folk til tårer i kyrkja med vår tolking av "Det er makt i de foldede hender". Herleg helg rett og slett! Var på jobbintervju på fredag, og det ser ut som om det er von for at eg kan få jobb i år òg. Veit ikkje heilt kva eg skal jobbe med, men jobb blir det. Forhåpentlegvis. Kanskje. Håpar!



Ja, eg står då til høgre/ i midten med bassgitar og litt rosa skrift på t-skjorta.

2 kommentarer:

Anonym sa...

MenMenMen... hva med de to koristene da??

Oss to sa...

Herlig, gratulerer så veldig masse!