mandag 26. mars 2007

Tikken

Ja, då vart eg tatt i bloggtikken igjen. Når ein først snakkar om tikken, kjem tankane over meg frå då eg var mindre og vi leika tikken i bursdagsbesøk. For de som ikkje hugsar det finst det mange typar tikken. Vi leikte doktor-tikken, stiv heks, donaldtikken (men eg hugsar ikkje korleis den gungerte), vanleg tikken, politi og røver og min favoritt: doktortikken MED frie område, for då fekk ein seg liksom ein pause. Det var mange ulike grunnar til at eg følte eg måtte ha meg ein pause. Av og til var det godt å få roa ned pulsen etter dei mange adrenalinkicka eg fekk då eg holdt på å bli tatt. I tillegg til dette var eg ikkje så veldig aktiv som barn (les: lat og astma) så pustepausane var sårt etterlengta.

Men altså, her 6 "rare" ting om meg:

1. Eg kan 1/3 av periodesystemet utanboks, eg pugga det i 10.klasse.

2. Eg kan 15 siffer av talet e. Det er følgande: 2,718281828459045

3. Eg kan skifte tennpluggar og installere cd-brennar.

4. Eg datt ned i eit hull i ei gate i Ungarn ein gong.

5. Då eg var liten klipte eg håret mitt, putta det på ei flaske og gjekk og panta den.

6. Eg kan alt- og sopranstemma på Händel sitt "Hallelujakor" sjølv om eg aldri har sunge den i nokon organisert samanheng.

Bloggtikken går vidare til... ingen.

4 kommentarer:

Daniel sa...

Du, datt du ned i et hull?? Et hull? Hm, jaja. Det var også en ting å gjøre

Anonym sa...

er det ikke 18281828 og ikke 18281827 i eulertallet?

Astrid sa...

Samuel:

Nope, det er 18281828

Astrid sa...

åja, haha! Det var eg som hadde skrive feil ja. Eg trudde du meinte det skulle vere 1827 og ikkje 1828