mandag 19. mars 2007

Då var det gjort

I dag sendte eg inn søknad til høgare utdanning. Eg følte meg veldig stor og vaksen då eg gjorde dette, og det var nesten litt spanande. Allereie no veit eg at eg ikkje skal byrje på noko av det eg har søkt, for eg skal jo gå Fjellhaug, men kan jo bli litt interessant å sjå kva eg kjem inn på.

I dag har eg vore så utruleg vimsete at eg nesten hadde lyst å slå meg sjølv. Eg gløymte at eg hadde time, mista ei jakke, utsett ein telefon, utsett å sende eit brev. Eg byrjar å bli sløv, rett og slett. Difor bestemte eg meg tidlegare i dag at framover no skal eg skjerpe meg på skulen. Jepp!

Elles er det litt nedtur at revyen er over, men det er godt å vite at eg ikkje har så veldig mykje å gjere framover. Eigentleg føler eg at eg nett har hatt vinterferie og om to veker er det påskeferie. Gode greier!

DINE STUDIEØNSKER FOR 2007-OPPTAKET I PRIORITERT REKKEFØLGE

PRI KODE STED STUDIUM
--- ------ ---- ---------------------
1. 193772 NVH Veterinærstudiet
2. 194759 NTNU Bygg- og miljøteknikk
3. 184742 UiB Odontologi
4. 185862 UiO Matematikk og økonomi

Ingen kommentarer: