lørdag 24. mars 2007

Sjekketriks

Her på Sygna er det ikkje så mange gutar. Det er om lag fire jenter på kvar gut, så når eg kjem med ein påstand om at kjønnsfordelinga er skeiv, er det nok ikkje så alt for mange som vil seie meg imot. Når folk får høyre om dette, kjem det ofte kommentarar som inneber at gutane må ha det som plomma i egget og at det må vere kjempelett for dei å få seg dame. Ja, gutane har det heilt sikkert som plomma i egget, men kvifor er det nesten ingen av dei som har dame? Eg sat og tenkte på dette i stad, og eg kom fram til at det var om lag 4-5 gutar som har dame. Når det er minst 100 single jenter her, burde det ikkje vere ei stor utfordring å få seg ei følgjeskvinne. Det må sjølvsagt vere nokre grunnar til at gutane ikkje har dame, og kva kan det vere?

Det første eg tenkjer på er at gutane kanskje må leggje litt om på stilen når det gjeld sjekketriks. Gutar, gutar, KJÆRE gutar. Det er kanskje vanskeleg å forstå, men jenter tykkjer ikkje at det er så veldig sjarmerande å bli klypt i sida, bli lugga, at de seier kva som helst for å provosere, bli hiven i søledam, bli dynka, bli ledd av , bli gjort flaue, bli klypt litt til, bli slått eller kilet på ein valdeleg måte. Stakkars gutar, dette kjem kanskje som eit sjokk på dykk, men dette er sanninga. Det er kanskje hardt og brutalt å finne ut at de må legge om stilen litt, men eg kan jo gje dykk nokre tips. No når du les tenkjer du kanskje at her sit eg desperat og skriv og gjer kva som helst for at de skal leggje merke til meg. Eit blogginnlegg er eit desperat skrik etter kontakt. Tru meg gutar, det er ein særs innbilsk tanke. Tilbake til tipsa. I staden for å klype kan de til dømes prate litt med jentene. Ja, det er faktisk mogleg å prate med dei.

Gutar, viss de er interessert i ei jente, ikkje flørt med 50 andre samstundes. Det har skjedd fleire gonger at eg har trudd at ein gut er saman med tre jenter på ein gong. Det er vel kanskje ikkje heilt slik det skal vere. Hald dykk til ei jente om gangen. Det er ikkje alltid om å gjere å fylle opp armkroken med jenter, det er faktisk ikkje det.

Jenter: Gutane vil fortsetje å flørte med 50 personar om gongen viss ingen stoppar dei. Sånn er det berre. Stand ut for yourself! (For å seia det på godt norsk).

Men elles gutar, til trass for at de er ein voldeleg gjeng som på grunn av denne kjønnsfordelinga har eit litt vridd og urealistisk bilete av korleis ein skal behandle jenter, er det godt å ha dykk her. Viss ikkje hadde det jo berre vore jenter, og det hadde jo blitt litt stusseleg. Lykke til med jakta på kjærleiken. Sorry, men eg trur ikkje ungkarsklubben vil bli utrydda med det første..

Takk til Karen Marit Meisingset sin blogg for inspirasjon.

Til slutt ei lita hugseliste over Sygnagutane sine beste sjekketriks, type andreklassing:
- Klype
- Slå
- Provosere
- Dynke
- Sprute vatn
- Le av, ikkje med
- Mange jenter samstundes
- Putte i søledam
- Drite ut
- Oversjå

Effektivt? Nei.
Jenter, ta tak i dykk sjølve.

8 kommentarer:

Siggy sa...

Wow, der gjekk det opp eit lys for meg trur eg. Det du seier er altså at de ikkje liker alle desse desperate metodane frå oss på å prøve å få kontakt med dykk? Kan du ikkje då utdjupe og fortelje kva vi faktisk skal gjere!?! *spent Sigbjørn venter*=)

Ingar T. Hauge sa...

Tror disse reglene kan generelt appelere til flere enn bare Sygnafolk. Spre det glade budskap videre, Astrid.

Astrid sa...

Nei, Sigbjørn, kva kan eg seie? Hmm. Det var faktisk eit litt vanskeleg spørsmål. Men no veit de i alle fall kva de IKKJE skal gjere (eg seier de i staden for du for å generalisere litt her). Å prate er ein bra ting. Generelt ting som ikkje inneheld vald. Kan sende ein meir utfyllande mail etter ønskje.

Johanne Pauline sa...

Tikken!

Sjekk bloggen min for mer info:)

Øyvind sa...

Haha!:D

Ze Brosowic sa...

vel vel vel... Stakkars:)
Høyres ut som om du har det fælt. Standaren på sygnagutane må ha dalt sia eg slutta (eller kanskje heller fordi eg slutta).

Men eg undrar, er det verkeleg berre ei myte at jenter likar slemme gutar?

Anonym sa...

Hehe..
veldig bra Astrid..Guttar på sygna det er heilt sant..det hjelper ikkje med klyping, kitling o.s.v. det som hjelper er å faktisk bruke tid med jentene å høre på ka dei har å sei..

Hanna Elise sa...

veldi bra, men du glemte det viktigste elementet: legge i bakken!;) god sommer og lykke til i livet...=)