søndag 25. februar 2007

Syden, 1 dag

I dag kom eg, mamma og pappa altsa til Tenerife. Flyet gjekk urtidleg, saa vi maatte staa opp kl halv 4 for aa rekkje det. Eg sov ikkje den natta, saa no er eg heilt dognvill. Trur at det er seint paa kveld, men klokka er jo ikkje meir enn ca 5 her.

Saa korleis er Syden? Jo, det er varmt. Eg har allereie faatt litt farge. Sovna paa ei solseng i ein litt uheldig stilling, saa eg har blitt brun i halve fjeset, bak paa leggane og overst paa ryggen. Vi bur saman med ein haug gamle folk med pressbukser og joggesko, menn i 40-aarskrisa som trur at speedo er fint, og ein del hysteriske modre med barn paa slep. Eg har ein tendens til aa sakne Noreg naar eg er ute, men daa eg fann baade Se og Hor, Allers, Nugatti, Risgraut OG surkaal paa butikken, folte eg at det kunne gaa an aa overleve her. Elles her i omraadet er det baade badebasseng, kattar og ein bar som speler 80-tallsmusikk heile dagen. Eg SA du skulle blitt med, Stine! Forresten, vi aat paa den restauranten i dag og daa fann vi lus i salaten. Det var slightly ekkelt, men vi fekk ny mat daa, saa det var ikkje saa gale. Eg saag forresten ein svensk reiseleiar i dag som eg kunn gifta meg med, men saa forsvann han med ein haug gamlingar til andre enda av oya. Synd!

I kveld skal eg ete M&M (UTAN lus) og sjaa paa britisk fjernsyn. Eg gler meg! Syden er bra, eg er klar for aa bli brun. Ekstra godt aa kunne slappe av naar ruseavisa er ferdig og levert óg. Kos dykk heime i kulda ;)

2 kommentarer:

Stine Elise sa...

Hei=)
Ja, no ser eg kva eg gjekk glipp av. 80-tals musikk! Jippi.
Bra du kosar deg då. Der er det sikkert varmt og godt, men berre gled deg til du kjem tilbake, for her sludder det.. Eg fann forresten ut at eg ikkje berre er kvit, men faktisk litt grøn i huden. Ganske fasinerande eigentleg=)
Kos deg kjempe mykje vidare, og du skal vite at eg saknar deg her heime. Ferien er ikkje det same utan deg...
Prøv å ikkje bli skoten eller kidnappa eller noko, er du snill... Og heller ikkje for påverka av andre(tenkjer på musikken).
Klemmer frå (ei lysegrøn?)Stine.
Skal forresten i 18års dag til Mariann på fredag. Hehe. Kan jo bli artig=)

Nathalie sa...

Heldig du som er i syden :)
Kos deg!!!!

Ellers kjem snart Karen Marit hit, så eg skal og kose meg :)