fredag 23. februar 2007

Jet lag

Nattbuss, ein artig fenomen.

I går 21.20 sat eg, Martine og diverse andre Sygnafolk oss på nattbussen til Oslo. Eg hadde i grunn førebudd meg på ei lang natt utan noko som helst svenv, for eg får nesten aldri sove. Denne gongen skulle det bli annleis, for eg hadde nemleg hugsa å ta reisesjuketablett. Då bussen hadde kome fram til Sogndal var eg rimeleg dopa og kjempeklar for å sove. Etter eit bussbytte sette eg meg godt til rette. Bussjåføren tok mikrofonen og byrja å prate. Eg tenkte med meg sjølv at dette var jo koseleg og at han berre skulle snakke nokre sekund. Der tok eg grådig feil. Det var utruleg kor mykje informasjonen denne bussjåføren hadde behov for å få ut. Han prata faktisk i 10 minutt og med høgtalarane på fullt, så musikk kunne ikkje dekke over. Kva kan ein bussjåfør prate om i 10 min? Tja, han skildra særs nøye kvar ein skulle trykke for å skylle ned når ein var på do. Det var akkurat 10 cm under doskåla. I tillegg forklarte han at det kunne vere lurt å ta att døra når ein gjekk på do. Sant nok bussjåfør, det er sikkert lett å gløyme. For ein mann, for ein mann.



Då herr Bussjåfør omsider hadde prata frå seg, fekk eg sove sånn halvvegs. Eg følte eg fekk ganske god kontakt med han eg sat ved sidan av, for mp3-spelaren og kossane mine hekta seg oppi armen hans. Sidan det var mørkt på bussen, såg eg ikkje at eg var hekta fast i han, så eg rykka til i leidningen og vekte min stakkar sidemann. Heldigvis sovna han igjen, og det gjorde eg òg. Faktisk sov eg ganske godt over fjellet, og det var kanskje like greitt for då slapp eg å sitje der og uroe meg over det stygge vèret.



05.30 kom vi oss trygt fram til Oslo S. Dei siste tre timane hadde eg to seter for meg sjølv, så eg låg veldig behageleg og sov grådig godt. Eg har altså komt eit steg vidare i livet: Eg klarar å sove på buss!

No sit eg i Spydeberg hjå tante, onkel og søskenborn. Eg er heilt ufatteleg trøytt og har berre lyst til å sove, men då kjem eg sikkert ikkje til å få sove i natt. I morgon skal eg til 50- årsdag og på søndag reiser eg som sagt til Tenerife. Lada opp i dag ved å kjøpe bikini og solbriller. De får kose dykk heime med snø og stengte vegar, hehe.

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Hva, må man lukke dodøra etter seg? Det er fullstendig nytt for meg, men jeg kan jo prøve heretter...

Treffes akkurat ikke i Oslo denne gangen da, men du må nå stikke innom Fjellhaug engang du har sjansen.

Oss to sa...

Kjære Astrid, mi Astrid!

No e du atten og på vei ut av landet. Ikke gjør noe ulovlig, for det er svært vanskelig å kausjonere ut folk på Tenerife (du er ikke lenger mindreårig;). Ta vare på huden din og familien din, dei er en del verdt begge to. Det blonde håret ditt vil nok være til herlig skue for mange- nyt det- men vær forsiktig. Tenk litt på meg innimellom og spar litt sol. Veldig gla i deg! No får du attenårsgaven fra søstrene dine og;) Ingrid har den. Klem

Torbjørn sa...

Uff, heldt på å få fnatt etter to minutt. Sat rastlaus og venta på at han skulle verte ferdig, men neida. Gleda ville ingen ende ta. Og så grusomt toneleie han hadde, slakke av på tempoet og gå opp i tonefall på slutten av kvar ledd setning! Arg... Eg sat ved sidan av ein eldre mann som snuste, og lukta. Sov kanskje tre timar den natta.

Jaja, vonar du kosar deg i syden!