fredag 20. oktober 2006

Uhell i garasjetrappa

Nei, det var ikkje noko stort uhell, men det var liksom det som fekk begeret til å renner over. I dag har vi feira pappa sin 50årsdag, noko som var grådig kjekt. Eg og søster Ingrid var toastmaster, og eg trur det funka ganske så bra! Eit av innslaga var at vi søstrene kledde oss ut som eit songlag frå eit bedehus på Sunnmøre og sang ein sjølvskriven song på melodien "han er min sang og min glede". Det var mange interessante tenorstemmer som kom fram der ja ...:)

Men uhellet ja. Jo, i dag måtte vi vere litt fine, så eg slo på stortromma med svart kjole og hoghælte sko. Eg vart vel rundt 174 og ganske så fornøgd med det. Det einaste er berre at eg er heilt elendig på å gå i høge hælar, eg har ikkje så mykje trening. Folk bemerkte at eg gjekk litt som ein pingvin, men når eg sto stille følte eg meg ganske fin. I pausen under feiringa måtte eg heimom for å hente noko steikt lauk, ikkje spør kvifor, og då måtte eg stresse gjennom huset og ut i garasjen. For dei som har provd det, er det ikkje så lett å springe i høge hælar, i alle fall ikkje i trapper, og sidan balansen min er heilt elendig så endte det opp med at eg tryna ganske kraftig. Heldigvis rakna ikkje strømpebuksa, eller kjolen for den saks skuld. Alt gjekk i grunn ganske greitt, men eg skifta sko etter dette. Neste gong eg skal gå med sånne sko blir nok julemiddagane framover, og heldigvis er det ganske lenge til jul.

Elles var 50årsdagen fylt med masse tørre vitsar, spesielt mattevitsar. Vi er ein ganske matematisk familie, ja, faktisk er eg sjølv ganske glad i matte. Og så var det masse god mat ja! Ikkje minst sjokoladekaka :)

No er det kveld og eg og søster Helga skal sjå nokre episodar av typisk norsk. Det er eit herleg nrk-program med ekte Bjørke-humor. "Å sjekk DEN annonsa da, den var jo stava heilt fei! Hallo, kem skrive nåkke sånt? HAHAHAHA!"
Åjada, vi har gooooooooooooooooood humor :)


god helg forresten!

PS: Romaprosjektet skulle inn i dag 15.15, eg fekk levert 15.11. God tid :) Vi hadde hatt to veker på prosjektet, eg skreiv det på toppen tre timar. Kommentar frå pappa etter at han hadde lest gjennom det: "Øhm.. Jo.. dette var jo.. tja.. interessant?"

Mission completed!

Ingen kommentarer: