fredag 14. juni 2013

Framtid og von

Då var det rett og slett på dagen eit halvt år sidan eg blogga sist. Innlegget frå 14.12.12 vart skriven då eg sat på Hurtigruta mellom Bodø og Leknes, klar for ei ny helg i Lofoten. Forventningsfull, spent, forelska.

Hausten 2012 var prega av mykje usikkerhet og planar som gjekk i vasken. Samstundes var halvåret mitt i Bodø noko av det beste eg har opplevd. Menneske som såg meg, ein utfordrande og spanande jobb, eit møte med ein del av landet der det ikkje akkurat flommar over med kristent arbeid. Eg fekk oppleve store og spanande ting, både gjennom bibelgruppe, leirar og arbeid i ulike forsamlingar. Kjensla av at eg var på riktig stad var absolutt tilstades. Eg er uendeleg takksam for at eg fekk turnusplassen i Bodø. Ville aldri vore forutan.


Frå bursdagen min i Bodø. Ein av dei betre!


Då eg kom attende til Bergen kjentes det mest ut som om eg hadde vore vekke i 2 år. Eg var proppfull av opplevingar, draumar, erfaringar, visjonar og framtidsvon. Eg hadde levd eit liv som var heilt på sida av noko eg hadde opplevd tidlegare. Det er klart det var rart å kome attende til Bergen, og det tok ei stund før eg klarte å lande skikkeleg. Men eg er glad eg fekk dette halvåret òg. Tid til dei eg er glad i her i sør. Verdifull og viktig tid!


Nokre av dei eg har brukt tid med i Bergen. Her frå ha-det-bra-besøket mitt. Herlege folk!
Biletet er tatt av Øyvind Ganesh Eknes.


Rundt påsketider viste det seg at eg uansett ikkje måtte lande så veldig. Først fekk eg fast jobb som fysioterapeut, deretter kom gifteplanane. Og no er det pakking som står på tapetet. Pakking, planlegging, organisering og forventning. Men eg må seie det som det er - eg diggar å ha eit liv med planar. Eit roleg liv i sakte tempo er nok ikkje heilt mi greie. Eg har visstnok redusert tempoet på ganske mange område i livet, men heilt roleg blir det nok aldri.

Så då blir spørsmålet: Korleis blir det å flytte til Lofoten? Korleis blir det å gå frå å jobbe 125% til 75%? Korleis blir det å gå frå å ha vener og venninner rett i nærleiken, til å bu to flyreiser frå dei fleste? Det er klart det blir spanande. Det er klart det blir utfordrande. Kalenderen for hausten står open, og eg anar ikkje kva eg skal fylle den med. Uvant, men utruleg godt. Eg gler meg til å ha god tid, tid til å ha hobbyar, tid til å lage middag, tid til å kjenne etter korleis eg har det, tid til Pål Sverre og Pepsi, tid til å etablere og pleie relasjonar, tid til å gå turar og bli kjent med naturen i Lofoten. Eg trur det blir flott. Og sunt. Eg trur eg treng det.


Hauklandstranda, ikkje så langt frå Leknes. Stygt er det ikkje akkurat!


I morgon står det att nøyaktig 2 månader av turnustenesta. Etter dette går reisa som fysioterapeut inn i ein ny fase. Då må eg stå enno meir på eigne bein. Men det gler eg meg til. Eg gler meg til å stadig lære, stadig vekse. Det same gjeld livet mitt med Jesus. Eg gler meg til å lære og vekse. Gler meg til å sjå menneske blir kjent med Frelsaren, kjent med Han som elska oss først.

Forhåpentleg vis blir det ein del oppdateringar framover mot flytting og bryllaup, men ikkje minst etter eg har flytta nordover. På denne måten kan de få følgje litt med på livet i nord. Igjen!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Godt å lese det du skriver, Astrid! Jeg ble glad!:-)

Astrid sa...

Rakel, du skal ha mykje av æra for at eg kan sjå tilbake på alt med glede :)

Astrid sa...

Rakel, du skal ha mykje av æra for at eg kan sjå tilbake på alt med glede :)

Aud sa...

Så heldig du er som skal bo i Lofoten! Har vært der mye som barn.