fredag 21. september 2012

Terrengsykling

Eg kan meddele at eg har blitt en KRIK-ar. Eg har lenge vore støttemedlem, men no har eg faktisk statt steget heilt ut, kome ut av skapet (kall det kva du vil), og blitt aktivt medlem. Endeleg kan eg gå med KRIK-genseren min med godt samvit! Så onsdagane er KRIK-dag. Og ikkje berre er eg med, men eg har det kjekt! Og når eg kan kjenne må meistring i møte med innebandy og fotball, då kan alle det. Så det er berre å kome seg på KRIK.

KRIK er vel det som kan kallast frivillig trening. Eg er fan av frivillig trening, men av og til hender det at ein blir utsett for ufrivillig trening. Eg minnast godt gymtimane der vi måtte ta både benkpress og springe 3000 meter. Det var høgst ufrivillig. Eg fekk ein liknande epsiode her om dagen då eg skulle sykle til ein kompis, Helge, for å ta følgje til KRIK. Turen skulle ta ca 20 minutt, og det hadde den sikkert gjort viss eg ikkje hadde bestemt meg for å ta ein snarveg.

Er det ein ting eg må lære meg i livet så er det at eg ikkje er bygd for å ta snarvegar. Note to self: Slutt å ta snarvegar. For den snarvegen endte opp med at eg plutseleg hadde gått over til å bli terrengsyklist. Meget ufrivillig, og meget lenge. For eg fann ikkje snarvegen. Det viste seg at eg hadde funne Bodø si brattaste lysløype, og eg byrja altså på bunnen av denne. Og ikkje kan det kallast ei løype heller, for det var i grunn berre ein haug med jord som var spadd utover dei brattaste bakkane ein kan finne i området.


Det såg sånn ca sånn ut.

Så der gjekk eg. I regn og vind. GPS-en viste etter kvart at eg var totalt på bærtur (ikkje bokstaveleg), men eg tenkte at "jaja, det kjem sikkert ein avstikkar snart". Det gjorde det aldri, så eg sykla og sykla heilt til det endeleg byrja å gå nedover. Og då eg til slutt kom meg ned att på hovudvegen, hamna eg ikkje så langt frå der eg hadde starta sykkelturen. Så eg tok rett og slett ein gigantisk omveg, for deretter å måtte sykle det eg eigentleg skulle ha sykla i utgangspunktet. Flott. Hastverk er lastverk. Vinninga opp i spinninga. Ect etc.

Og kor lang tid brukte eg på dette? Jo, ca ein time. Men du hadde vel på deg treningsklede? Neida, det trengte eg jo ikkje. Eg skulle jo berre ta ein snarveg. Så eg sykla rundt i terrengløypene i dongeribukse, Hunter-støvlar, rosa regnjakke og skjerf med glitter. På mange måtar var den største frykten å møte på nokon andre, for eg såg ikkje akkurat lite malplassert ut. Men sjølvsagt møtte eg ikkje på nokon. Det var jo trass alt ei skiløype.

Men frå det eine til det andre. Då var det nok ein gong fredag, og kvar veka vart av, det veit ikkje eg. Tida flyg visst i godt lag. Andre ting som flyg er sykkelen min. Eg hadde jo høyrt at det skulle vere litt vind i Bodø, men at den skulle velte sykkelen min i tide og utide, det hadde eg ikkje sett for meg. Heldigivs er sykkelen enno i god stand, og godt er det. Viss ikkje måtte eg jo tatt buss. Og det vil eg ikkje. Då må eg jo ha kontantar. Og dei forsvinn berre i vaskemaskina.


Det er fint vêr i Bodø òg av og til.

Sidan stripinga har eg vore i Oslo ein tur. Der var det duka for halvårsmøte for iTro, noko som var ein gledens dag på mange måtar. Finne kollegaer, sjokolade, pizza, og mange spanande tema som skal på plass i løpet av det neste halve året. Det er berre å gle seg!

Heldigvis treng eg ikkje vente lenge før eg få sjå Oslo igjen, for eg skal ta turen ned igjen denne helga. Det skal nemleg vere seminarhelg med Becky Pippert (ei dame som var på UL), og eg fann ut at eg kunne ikkje gå glipp av det. I tillegg får eg hengt med sygnajentene, noko som absolutt ikkje er feil!


Årets tredje pass er i hus. Satsar på at det blir det siste for ei stund. Kremt.

Eg er så heldig at eg skal få bruke mykje tid saman med gode venninner framover. Om nokre veker skal eg ein tur til Berlin (som faktisk er hovudstaden i Tyskland! Kven skulle tru?!) og besøke Martha Berit. Ane blir òg med (i tillegg til eit par andre), som gjer at VON nok ein gong er samla! Det blir stas. Kanskje blir det ein song òg, dersom vi er det i det musikalske hjørnet.

God helg folkens!


Ingen kommentarer: