Så då er det berre å lausrive seg frå facebook og iwastesomuchtime.com, og ta eit siste solid dykk ned i undersøkingsbøker, testbatteri og sjukdomslære før eksamen står for døra på onsdag. Det blir spanande, litt skummelt og litt kjekt. Utruleg rart å tenkje på at tre år med utdanning snart er over. Det blir rart å ikkje skulle gå på skule, men samstundes skal det jammen meg bli godt å sleppe å bli vurdert med karakterar igjen. Lønn kan sikkert vere ein fordel òg.
Men ja. Tilbake til bøkene. Og så ut i sola. Digg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar