onsdag 9. mai 2012

Gisp

Eg trudde ei stund at heile utdanninga mi hang i ein tynn tråd, men no kan eg meddele alle de som les dette at eg har fullført og levert bacheloroppgåva mi. Etter kvart som motivasjonen byrja å ebbe ut, måtte eg minne meg sjølv på at eg hadde gleda meg til å skrive denne oppgåva. Det hjalp, og det var jo trass alt ganske spanande.

Så veldig lurt var det kanskje ikkje å reise til London og Manchester ei lita veke før innleveringsfristen. Eg er djupt takksam for at det finst noko som heiter mac, slik at eg slapp å drasse rundt på ein stasjonær pc. Godt at den tida er over. Hadde vore litt slitsamt, pluss at eg måtte betalt mykje for å få den frakta med flyet. RyanAir hadde sikkert nekta meg. Og då hadde eg stått der på Torp med skjegget i postkassa og lurt på om eg skulle prioritere den stasjonære dataen eller London og Manchester. Av og til er det godt å kunne få litt i pose og sekk, eller hur?

Bilete er mykje kjekkare enn ord, har eg høyrt, men eg likar jo å skrive, så det får bli ein blanding. Igjen, i pose og sekk!

Provet på at oppgåva er ferdig innbunde, og med det ferdig. 
Må seie eg gruar meg til å få rekninga på alle kopiane 
eg måtte ha for å printe ut oppgåva i fire ekseplar. 
Finst det ikkje støtteordringar for slikt? Fattigstudent.no
      
 Tante har eg blitt òg sidan sist. Her er ho heilt ny, vesle Mathea.
       
 Dette er Gunhild. Har de sett noko søtare?
Gruar meg som berre juling til å flytte frå ho.
    
Kjensla eg hadde då det verkeleg gjekk opp for meg at eg ikkje kom til å bli ferdig 
med oppgåva før eg reiste til London. Men hallo, det gjekk jo bra. Ja, til ferie!
     
Eg og eit par andre reiste med propellfly til Torp.
Fin tur!
    
Det er ikkje så lett å stave Astrid i farta.
Eg vart nesten til struts.
 
Hvor er Willy? Dette er i Camden. Tidenes marknad! Dei har ALT.
Til og med froskelampe laga av kokosnøtter med paraply i handa.
Den hadde Kristoffer lyst til å kjøpe. Eg seier ikkje meir.
 
Fjellguten. Turist..? Neeei, trur ikkje det. Alle engelskmenn går kled sånn!

  Reaksjonen til Kristoffer etter han fann ut at han hadde 
klart å bestille to rettar på ein restaurant.
Vart dyrt for han det der.
 
 Men han sette i gang med eteprosjektet med godt mot.
Berre sjå kor fint han ristar etepinnane. Riste, riste. Han gjekk fort over til gaffel.
 
Det er klart vi reiste nesten 40 minutt berre for at eg skulle 
få kjøpe meg ein Ben's cookie. 
Absolutt verdt det sjølv om vi vart omringa av duer. 
Dei er forresten frykteleg ekle når du ser dei på nært hald.
 
 Men det var ikkje berre Kristoffer eg reiste med! Lang derifrå.
Her er eit bilete av heile reisefølget: John Martin, Kristoffer og Karoline.
Fantastisk kjekke folk å reise med! 
Ingen snorka heller, så det vart rolege og 
fredelege netter på 4-mannsrommet på hostellet vi sov på.
 
Eg lo godt då eg såg dette skiltet.
Stor plante på veg!!


Då er det berre 3 veker att av studentlivet. 31. mai er klinisk eksamen overstått, og det er klart for det eg trur blir tidenes sumarferie. Mykje kjekt å sjå fram til! Må berre halde motivasjonen oppe siste biten. Hjelp.
 

Ingen kommentarer: