torsdag 8. desember 2011

No koma Guds englar

Alle har sin julefavorittsong. Her er min, spelt inn i Stemmevegen 16 i kveld.

Download Astrid Rydland Bjørke - No Koma Guds Englar

No koma Guds englar med helsing i sky.
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
for menneskeborn som er fødde i synd
og alt uti vogga må sukka.
Guds fred med dei små
som honom fekk sjå!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!



Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,
så vida som tunga kan mæla,
om Sonen som er oss frå himmelen send
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bygd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
Så seier eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!


Ingen kommentarer: