lørdag 19. februar 2011

Hjem, kjære hjem

Gode, gamle pianoet vårt med dei slitte notane til mormor.

Av og til er det godt å berre vere heime i stille, rolege og i dag solfylte Isdalstø. Sove lenge, ete god frukost, rydde litt i gamle ting, finne att klede eg hadde gløymt at eg hadde, sjå på at mamma strikkar, høyre at pappa rører i laurdagsgrauten, sjå på sporten på NRK, opne kjøleskapet berre for å bli glad av synet av alt ein har å velje mellom, sjå i gamle album, høyre på ei god plate, ete opp restane av julekjeksa, høyre duren av båtane som går forbi, leggje seg godt til rette i sofaen.

Berre vere litt.

Ingen kommentarer: