torsdag 16. desember 2010

Så det var sånn det var å ha fri, ja


No sit eg her og skriv med ei kjensle som eg ikkje har hatt på alt for lenge. Fri. Eg har fri. Dagar utan planar, utan ting eg må gjere, utan vissa om at det ventar ein ny, lang dag i Møllendalsveien 6. I går hadde eg øvelseseksamen, og med den i boks var fire av fire eksamenar bestått, og då kunne eg puste letta ut. Og no ligg eg her i senga, enno litt i sjokk over at eg faktisk kom i mål med det heile. Men herlighet så godt det er.

Eg feira eksamen med å gå heim og setje på eit klesvask, sove ein liten time for deretter å ete graut med jentegjengen min i klassen, spele brainstorm (som forklarar dei rosa brillene på biletet over) og fylle meg opp med ein haug med kaloriar, sidan eg skulle faste 12 timar. Eg har nemleg vore til legen i dag og tatt blodprøver og styr og stell, og då måtte eg faste. For dei som kjenner meg og kor glad eg er i mat, så var det ein meir eller mindre traumatisk oppleving. I alle fall når det første eg fekk helle i meg av legen var 4 dl av noko som minna om utvatna melis. No ligg eg kvalm i senga mi og ventar på at det skal gå to timar, for då skal blodsukkeret målast på nytt. Spanande greier dette med kroppen. Eg diggar å setje meg inn i blodsukkerverdiar, blodtrykk, puls, blodprosent osb osb. Det fascinerar meg veldig. Men tilbake til gårsdagen, så klarte eg meg finfint likevel trass fastinga. Hadde ein kritisk perdiode i 23-tida, men eg kom meg gjennom det. Etter julegrauten med kollokviegruppa møtte vi resten av klassen, noko som alltid er synonymt med god stemning. Trist at eg ikkje skal sjå dei att før i mars, men gjensynsgleda blir vel berre desto større.

No er planane framover å bruke nokre dagar på å lande heilt før ferien. Sjå på film, vaske klede, vaske rommet, kjede meg og lage god mat. Skal jobbe litt òg til livets opphold, så eg kjem nok til å nyte godt dei dagane eg har heilt fri. Blir kjekt å sjå folk igjen òg, til dømes Stine som har vore aaalt for lenge i Australia/Japan/NZ. Gode tider i møte med andre ord.

Kort oppsummert: *pustar letta ut*

Ingen kommentarer: